Hopp til innhold

SSB: I desse nabokommunane er det 23.000 kroner i forskjell på barnehagepris

Dei små nordlandskommunane Træna og Rødøy tar mest og minst betalt i landet for å ha ungar i barnehagen, viser ferske tal. Sjekk tala for din kommune her.

Husøy, Træna

Ifølge SSB er det foreldre i Træna kommune som betalar mest, i gjennomsnitt, for barnehageplass.

Foto: BENJAMIN FREDRIKSEN

Nyleg publiserte SSB ferske på snittprisen for barnehagar i heile landet.

To små nabokommunar i Nordland kjem ut i kvar sin ende på skalaen, med ein differanse på 22.969 kroner i året.

Havgap-kommunen Træna har den dyraste barnehageprisen i snitt, med 37.381 kroner i året.

Samtidig har nabokommunen Rødøy blant dei aller billegaste prisane, med 14.412 i året.

For to år sidan var Rødøy den dyraste i landet.

– Det ønska vi å gjere noko med. Då kommunestyret vedtok rekruttering- og tilflyttingsprosjektet «Prøv Rødøy» i 2023 var eit av tiltaka halv pris på barnehage, seier ordførar i kommunen, Inger Monsen.

Utsikt fra Rødøyløva.

Rødøy, her sett frå Rødøyløva, har gått frå å vere den dyraste til ein av dei billegaste på to år.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Kommunane som er ein del av tiltakssonen og difor har gratis barnehage er ikkje med i reknestykket.

Det er to ulike ting som utgjer den totale summen av barnehageprisen:

  • Det eine er kostpengar, altså det barnehagane tar for at ungen skal få mat eller anna kost.
  • Det andre er månadsprisen det kostar for å ha ungar i barnehagen i seg sjølv.

Det er fleire reglar som speler inn i det totale reknestykket, sjå forklaringsboksen lenger ned i saka.

Når det gjeld barnehageprisane rundt om i landet, er det ikkje nødvendigvis slik at ein familie betalar det same for den same barnehageplassen.

For dette med foreldrebetaling kan vere ganske komplisert:

NRK forklarer

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Makspris

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass.

Den blir bestemt av politikarane på Stortinget.

Akkurat no er maksprisen på 3000 kroner per månad, men blir redusert til 2000 kroner per månad frå 1. august 2024.

Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, uavhengig om dei er offentlege eller private.

Men det er ikkje dermed sagt at dette er alt som skal bli betalt.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Kostpengar

Ein barnehage kan krevje betaling for mat. Dette kjem i tillegg til maksprisen. Her er det inga maksgrense på kva ein barnehage kan krevje, men pengane skal berre dekke dei faktiske utgiftene som barnehagane har til måltida. Det betyr at dei ikkje kan tene pengar på å ta betalt for måltid.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Reduksjon i foreldre­betaling

Det finst moglegheiter til å få reduksjon i foreldrebetalinga.

Viss du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørge for at du skal betale mindre.

Du må betale full pris for første barn. Maks 70 prosent for barn nummer to, og maks 50 prosent for barn nummer tre og oppover.

Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Reduksjon i foreldrebetaling

Du kan også få billegare barnehageplass viss du har låg inntekt.

Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.

Det er også noko som heiter gratis kjernetid.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Gratis kjernetid

Kvart barn i alderen 2 til 5 år, og barn som har utsett skulestart, kan få 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen per veke.

Frå 1. august 2023 har familiar med årleg inntekt under 615.590 kroner rett på gratis kjernetid. Frå 1. august 2024 blir inntektsgrensa auka til 642.700 kroner.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Unntaket

Ein barnehage kan krevje meir betalt enn kva maksprisen legg opp til.

Men det er berre viss barnehagen elles vil bli nedlagd av økonomiske årsaker eller at kvaliteten på barnehagetilbodet blir ramma.

For at ein barnehage skal kunne krevje dette, må foreldrerådet i barnehagen seie ja.

Hvordan fungerer foreldrebetaling?

Distrikts­tiltak

I dei minst sentrale kommunane (kommunar som ligg i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå) blir maksprisen redusert til 1500 kroner frå 1. august 2024.

I kommunar i regjeringa si tiltakssone i Finnmark og Nord-Troms er barnehage gratis.

– Skulle gjerne sett lågare avgifter

Ordførar i Træna, Trond Vegard Sletten i Arbeidarpartiet, seier dei har lita moglegheit til å subsidiere barnehageprisen på noko vis, og at det derfor blir høgare avgifter.

– Innbyggarane har nytt godt av dei sentrale føringane som er lagt, og dei er vi jo glade for at er komne. Så skulle vi gjerne ha sett at vi har lågare avgifter, men vi klarar ikkje å subsidiere det på det viset som krevjast.

Barnehage, illustrasjon

– Vi subsidierer resten for å vise at vi gjerne vil legge til rette for barnefamiliar, seier ordførar i Rødøy, Inger Monsen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

For innbyggarane i kommunar som Træna, kan det likevel finnast lysare tider i møte. Frå og med 1. august i 2024 trer nye reglar i kraft.

– Det synest eg absolutt er flott, det ønsker eg velkomen, seier Sletten.

Skal senke maksprisen

Den høgste prisen staten har bestemt at skal gjelde for barnehagar, er i dag på 3000 kroner.

I september 2023 lova regjeringa å kutte maksprisen på barnehage for barnehagebarn. Ifølge lovnaden skal det skje hausten 2024, frå 3000 til 2000 kroner.

Ifølge statsminister Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet er det dei høge levekostnadane som er ein av årsakene til at regjeringa vil ta ein større del av rekninga.

Regjeringen kutter barnehageprisene

September 2023 var finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), barneminister Kjersti Toppe (Sp), kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på plass i St. Olavs barnehage i Sarpsborg for å fortelje om kuttet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Vedum sa då at det var dei auka inntektene frå grunnrenteskatten, den såkalla «lakseskatten», som gjorde det mogleg å kutte i barnehageprisane. Høgre meinte at det er mogleg utan eit auka skattetrykk.

For ein familie med to barn betyr det ein reduksjon på 18.700 kroner i barnehageutgifter i året. Prislappen er i overkant av 3 milliardar årleg, ifølge regjeringa.

I tillegg skal 189 kommunar som slit med fråflytting få redusert prisen til 1500 kroner, for å oppmuntre til bulyst.

Både Træna og Rødøy er to av desse kommunane.

Det betyr at staten vil ta rekninga for å redusere maksprisen til 1500 kroner i månaden.

Om Rødøy frå 1. august framleis ønsker å gi halv pris på barnehage – som betyr 750 kr, kan ikkje ordføraren seie sikkert. Det er opp til kommunestyret.

Les også Får ikke barnehageplass: Må gå uten lønn i ni måneder

Annette Skogheim Hansen sammen med sine to barn.

Pengar frå havbruk og kraft

– Vi tenker at det er eit positivt tiltak både for dei som vil flytte til Rødøy, men også for barnefamiliar som allereie bur i kommunen. Så kan eg ikkje svare for kor lenge det blir slik, men «Prøv Rødøy» er vedtatt ut 2025.

Prosjektet «Prøv Rødøy» er vedtatt ut 2025. Grunnen til at kommunen har hatt råd til å subsidiere delar av barnehageprisen, er pengar dei har spart opp over år, blant anna inntekter frå havbruk og kraft.

Inger Monsen, ordfører Rødøy

Inger Monsen, ordførar i Rødøy, forklarar kvifor dei har litt pengar på bok.

Foto: Privat foto

– Vi har nokre inntekter som vi har fått fordi vi har lagt til rette for havbruk og kraftproduksjon i vår kommune. Midlar som vi har vore forsiktige med å bruke. Kommunestyret sett av nokre av desse midlane til rekrutterings- og tilflyttingsprosjektet vårt.

Les også Barnehage sparer mye på å bake egne brød: – Nå spiser barna skorpene sine også

Hjemmelaget brød ved Skaug oppvekstsenter.

Ordføraren i Træna, Trond Vegard Sletten, viser til to heilt ulike økonomiske spelerom.

– Træna er den dyraste kommunen med 2848 kr i månaden, sett vekk frå kostpris. Til samanlikning er nabokommunen Rødøy blant landets billegaste. Kva tenker du om det?

– Det kan ligge enkle forklaringar til grunn for det. Rødøy kommune har i snitt 25 millionar i inntekt frå havbruksfondet, det gir jo litt økonomisk spelerom. Til samanlikning har Træna kommune 1 million, seier han og legg til:

– Det er jo moglegheiter for å subsidiere den slags, utan at eg veit om dei gjere det, det skal eg ikkje seie. Men eg ser at dei har heilt andre økonomiske spelerom enn kva vi har på mange måtar.

Les også Viktoria får ikke barnehageplass – samtidig vil kommunen legge ned barnehager

Viktoria (9 md.) på åpen barnehage på Mørkved. Faren Martin Vading Schjem (til venstre) og Nina Bakkejord Lundteppen, pedagogisk leder åpen barnehage Mørkved mener barnehagetilbudet bør styrkes, og ikke bygges ned som det nå gjøres i Bodø.