Hopp til innhold

«Mommy makeover» tek av i Noreg

Stadig fleire norske mødrer fiksar mage, bryst, hofter og lår etter å ha fått barn. Fleire klinikkar tilbyr no sokalla «mommy makeovers» – tilbodspakkar der du både kan få løfta bryst, samtidig som dei strammar opp magen i same slengen.

Carita Rørtveit er til konsultasjon fordi ho ønsker å fjerne overflødig hud etter graviditet.

Ho har trent og trent, men vert ikkje nøgd. No har tobarnsmora bestilt time hos kirurgen – for å la seg operere.

– Er du sikker på at du vil gjennomføre dette, og er du sikker på at du vil leve med arret? Spør han.

Odd Petter Elvenes er plastikkirurg ved klinikken Teres Tromsø. Han stiller dei inngåande kontrollspørsmåla til klienten som sit i stolen overfor han.

I den andre stolen sit Carita Rørtveit. Ho er 40 år, og har fått to born. Ho har prøvd alt; diett, sunn mat, trening. Men magen vil ikkje gå bort. No er ho fast bestemt at plastisk kirurgi er det rette for henne.

Men først må ho gjennom ein konsultasjon der kirurgen teiknar opp kvar kniven skal skjære. Den kjem vi tilbake til seinare.

Kvar tredje kvinnelege klient er mor

– Det er ikkje slik at vi seier «kom til oss, så skal vi gjere livet ditt betre!», seier Bente M. Holtan Openshaw. Ho er klinikkleiar ved klinikken Teres Tromsø.

Over 5000 kvinner som har født eitt eller fleire born lét seg operere ved dei største plastiske klinikkane i fjor.

I dei 15 åra klinikken i Tromsø har eksistert, har dei som jobbar der sett ein stadig aukande trend frå år til år med mødrer som vil rette på det graviditeten gjorde med kroppen.

Kvar tredje kvinne som kjem til plastisk kirurgi-klinikkar i Noreg er mødrer som vil fikse på mage og bryst eller tek feittsuging.

Enkelte plastiske klinikkar tilbyr no sokalla «mommy makeovers». Ein pakke med forskjellige operasjonar som dei meiner kan passe kvinner etter svangerskap.

For eksempel intimkirurgi samtidig som brysta vert forstørra – til redusert pris.

– Ein klassisk mamma-mage har gjerne overskotshud som legg seg i foldar på magen. Det seier plastikkirurg Odd Petter Evenes. Han viser fram ein mage i videoen under, som høyrer til ein klient som kom for å fikse på magen.

Odd Petter Elvenes viser fram ein klassisk mamma-mage som klientane kan ha.

Vil rette på «skinnfellene»

Spesielt er auken stor blant kvinner frå 36 til 50 år, ifølgje Openshaw. Kvinner som er ferdige med barnefødslar og som ønsker å gjere noko med kroppen som har endra seg i løpet av tida.

Mange kvinner har fått store, tunge bryst, stor mage og overstrekt hud. Det er ikkje alt som går tilbake til slik det var før.

– Desse kvinnene vil ha bukplastikk, brystplastikk, feittsuging. Mange har berre det dei kallar «skinnfellene» som heng igjen, så fleire av kvinnene får sett inn implantat i brysta, seier klinikkleiaren.

Ho trur at årsaka til auken er at mange vil føle seg vel. Det er ofte umogleg å trene og ete vekk den siste biten av magen, og brysta vert ikkje slik dei var når ein var ung.

– Så lenge ein som kirurg set grenser, så ser eg ikkje problemet med dette. Det er opp til den enkelte å avgjere kva ein vil gjere med kroppen sin, seier Openshaw. Men ho støttar også dei som vil la den vere som den er.

Høyr kvifor i videoen under.

Bente Overshaw ved Teres Tromsø har sett ein stadig aukande trend der mødre kjem inn for å fikse på mammakroppen.

Ho skal gjennomgå ein slags «mommy makeover»

– Eg har gått mange rundar med meg sjølv. Det er slitsamt at kleda mine ikkje passar, det blir sveitt og plagsamt, seier Rørtveit. Ho snakkar om hudfolden ho har fått etter graviditeten.

– Akkurat no er eg på pluss-sida på vekta. Men til vanleg heng magen som ein fold og gjer det vanskeleg for meg å bruke enkelte klesplagg, fortel Rørtveit.

Ho er glad i kroppsnære plagg, men det greier ho ikkje å gå med lenger, seier ho.

Før operasjonen går ho til konsultasjon for å høyre korleis kirurgen vil utføre inngrepet. Bli med på konsultasjonen i videoen under.

Odd Petter Elvenes teiknar opp det som skal vekk på magen til Carita Rørtveit.

«Yummy mommy» vart provosert av Fotballfrue

To dagar etter fødselen av sitt andre barn var Veronica Simoné Fjeld så komfortabel i sitt eige skinn at ho laga ein TV-dokumentar, gjennom sin blogg der ho kallar seg «yummy mommy».

Ho ville gi eit meir naturleg og usminka bilete av mammakroppen enn det mange bloggarar gjer.

– Eg hadde sett Caroline Berg Eriksen (også kjent som Fotballfrue) sitt magebilete som ho tok fire dagar etter fødselen. Eg vart veldig provosert. Eg kunne ikkje kjenne meg att i det mentale fokuset, og heller ikkje det fysiske, fortel Fjeld.

Det er opprøraren i henne som legg ut slike bilete, seier ho. Ho ville også vise den andre enden av skalaen, korleis ein kropp kan sjå ut etter ein fødsel.

– Eg har ein mage som har bært fram eit liv, og eg visste jo at eg kom til å sjå annleis ut. Det er jo vakkert dette og! Seier Fjeld og ler.

Sjå Veronica Simoné Fjeld vise fram sin versjon av mammakroppen i videoen under. Den er ein del av dokumentaren ho laga.

Ho kallar seg "yummy mommy" og er nøgd med kroppen sin. Her er ho fire dagar etter fødsel.

Får sin «mommy makeover» i juni

Carita Rørtveit har skapet fullt av kjolar som ventar.

Ho held fram ein beige fotsid kjole i eit tynt stoff, med detaljar på skuldrene. Men denne vil ho ikkje gå med før ho får ordna magen sin.

Ho sluttar å telje når ho kjem til 14. Talet på kjolar ho føler ho ikkje passar inn i lenger.

– Eg kunne jo sjølvsagt akseptert det. Eg fungerer jo. Men dette er ei prioritering eg vil gjere, ingen har fortalt meg at slik skal det vere. Dette er mitt val, seier ho bestemt.

I juni skal ho leggast inn for å få utført ein full bukplastikk. Rekonvalesenstida er på kring eitt år.

Veronica Simoné Fjeld kjem aldri til å gjere det same som Carita Rørtveit.

– Eg trur USA står bak det største presset mot ein perfekt kropp. Plastisk kirurgi er ein stor del av kvardagen der, og dette er på full veg hitover, seier ho.

– Dersom det same kroppspresset vert standarden her heime synest eg det er grufullt at mine jenter skal vekse opp i dette, avsluttar ho.

Carita Rørtveit viser fram klesskapet, og kjolane ho ikkje kan bruke før det overflødige magefettet er borte.

AKTUELT NÅ