Hopp til innhold

Ambulansesjef: – Kjem ikkje til å endre opplæringa

Klinikksjef Terje Strand ser ingen grunn til å gi ambulansepersonell opplæring i kva grep som er farlege, trass hendiga der Erik Are stedt ble kvalt på legevakta.

Klinikksjef Terje Strand ved OUS/dødsfall på Oslo legevakt

INGEN ENDRING: Oslo Universitetssykehus kommer ikke til å gi opplæring i maktbruk. – Eg ser ingen grunn til at vi skal lære opp dei tilsette i kva grep ein kan bruke eller ikkje, seier klinikksjef Terje Strand.

Strand er leiar for prehospital klinikk ved Oslo Universitetssykehus, og har ansvar for ambulansetenesta i hovudstaden.

Hendinga på Oslo legevakt 29. november 2012, der ein ambulansearbeidar tok eit fatalt halsgrep på Erik Are Stedt (35) slik at han døydde, har ikkje ført til endra opplæring. Det kjem heller ikkje til så skje.

– Eg ser ingen grunn til at vi skal lære opp dei tilsette i kva grep ein kan bruke eller ikkje. Vårt personell får opplæring i korleis dei skal komme seg ut av trugande situasjonar. Der ein treng å halde pasientar fast, er det politiet sin jobb, seier Strand til NRK.

– Ikkje vår jobb å bruke makt

Strand er sjølv anestesilege og har arbeidd fleire år i Norsk Luftambulanse. Han fortel at ambulansepersonellet av og til kjem utfor trugande situasjonar med fysisk utagering. Som regel er desse hendingane knytta til rus og psykiatri, ifølgje klinikksjefen.

Erik Are Stedt

DØD: Erik Are Stedt (35)

Foto: Privat

– Vi meiner det riktige er å lære våre folk korleis ein kan roe ein situasjon ned slik at den blir mindre trugande, og korleis ein eventuelt kan komme seg bort og i tryggleik. Politiet skal bistå når pasientar er utagerande, seier Strand.

– Men kjem ikkje ambulansepersonell av og til utfor trugande pasientar der ein kan bli tvinga til å bruke makt?

– Det kan vere vi må bruke makt i enkelte situasjonar, men då er det i mild form, til dømes at vi må holde fast ein arm for å få gitt medisinar. Men halsgrep og arrestasjonsteknikk er ikkje noko vi lærer våre tilsette. Det er ikkje vår jobb å bruke makt, seier Strand.

– Utfallet er tragisk

35 år gamle Erik Are Stedt var psykisk sjuk og oppsøkte Sentrum politistasjon for å melde frå om at han var kidnappa av IRA. Han blei deretter frakta til Oslo legevakt fordi politiet meinte han var psykotisk og trengte hjelp.

På legevakta oppstod det eit basketak mellom Stedt og to politikvinner då 35-åringen ville forlate legevakta. Ambulansearbeidaren greip inn i basketaket for å hjelpe politiet. Eitt minutt seinare låg Stedt død på golvet.

– Bryt ikkje ambulansearbeidaren her rutinane dersom ein blir opplært i å trekkje seg unna?

– Dette var ikkje eit oppdrag som ambulansetenesta var ute på. Han var der tilfeldig og greip inn fordi han opplevde det som riktig der og då. Utfallet er uansett tragisk.

Riksadvokaten har lagt bort saka mot dei involverte med konklusjonen «intet straffbart forhold anses bevist». Dei slår fast at ambulansearbeidaren og politibetjentane var i ein naudvergesituasjon.

Et fatalt halsgrep ble holdt i 58 sekunder og var årsaken til at Erik Are Stedt (35) døde under en pågripelse på Oslo legevakt.
Et fatalt halsgrep ble holdt i 58 sekunder og var årsaken til at Erik Are Stedt (35) døde under en pågripelse på Oslo legevakt.
SAVNER SØNNEN: Erik og Vivi Stedt synes det er ubegripelig at deres sønn, Erik Are Stedt (innfelt) døde under tragiske omstendigheter på Oslo legevakt høsten 2012. De mener den involverte ambulansesjåføren som tok kvelertak, og to politibetjenter, burde blitt tiltalt i saken. Sjefen for Spesialenheten for politisaker henla saken. Foreldrene har påklaget vedtaket til Riksadvokaten.

SØRGER: – Han var en veldig god gutt som vi var veldig glad i, og som vi savner utrolig mye. Det sa Erik Are Stedts foreldre, Erik og Vivi Stedt, da NRK intervjuet dem i 2014.

AKTUELT NÅ