Hopp til innhold

Anwar har venta i ti månader på å få snakke med UDI

Akkurat no sit det 3851 personar i norske mottak som enno ikkje har fått det første asylintervjuet med UDI. Syriakrisa pressar ventetida endå meir.

Anwar Tom

VENTAR: Anwar Tom frå Sudan har site på mottak i Jølster i ti månader, og ingen frå UDI har enno intervjua han om kvifor han er i Norge. Og han veit ikkje kortid han får asylintervjuet sitt.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Eg gret og eg et nesten ikkje. Og forstår ikkje kvifor eg må vente, seier 21- år gamle Anwar Tom frå Sudan på asylmottaket i Jølster i Sogn og Fjordane.

Han kom til Norge for ti månader sidan, og veit enno ikkje kor tid han vert kalla inn til intervju hos UDI.

Over 10 000 sit berre og ventar

Adam Ahmad Idris

I UVISSA: - Eg veit ikkje kva problemet er. Eg veit ikkje kvifor eg må vente så lenge. Først sa dei tre månadar, så seks, så ni og no seier dei 13 månadar. Eg ventar enno og det er vondt. Eg er redd for kva som skal skje, at eg skal miste moglegheita, seier Adam Ahmad Idris. Han har venta i 11 månader og ti dagar.

Foto: Eirik Hildal / NRK

No har han fått beskjed om at ventetida vert utvida, på grunn av ressursmangel i UDI.

– Det gjer meg trist og eg vil ingenting, seier han stille.

Ikkje sidan krigen i Bosnia har det vore fleire asylsøkjarar i Norge. Ei dobling frå i fjor får store konsekvensar for dei som allereie er her.

Nesten 4000 personar i mottak ventar på å få første asylintervjuet med UDI om saka si allereie, og med auka tal asylantar, vil dette talet også auke. I tillegg er det 6082 som ventar på vedtak frå UDI.

– Anwar var optimistisk for framtida då han kom til oss for ti månader sidan. No er han heilt apatisk, seier mottaksleiar Grethe Apelseth i Jølster.

Anwar Tom

LANGE DAGAR: For Anwar Tom (framme) og resten av dei 96 bebuarane på mottaket på Vassenden vert det lange dagar. Dei tel timer og dagar og forstår ikkje kvifor ingen vil snakke med dei i UDI.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Krisa pressar ventetida opp

Torsdag la UDI ut informasjon om kor lenge asylantar må rekne med å vente før dei kjem til første intervju.

– Då eg såg det vart eg skremt. For folk frå Sudan kan det no ta 13 månader. Det er også nokon som må vente endå lenger. Det er ikkje humant.

UDI meiner dei gjer rette prioriteringar, men vedgår at det er vanskeleg å måtte vente

Grethe Apelseth

APATISKE: - Asylsøkjarane kjem til oss med optimisme og glede, men etter fleire månader på vent vert dei apatiske og fjerne, seier mottaksleiar på Jølster asylmottak, Grethe Apelseth.

Foto: Eirik Hildal / NRK

lenge i mottak.

2313 personar søkte om asyl i Norge i august, og UDI seier i dag at dei ventar det vil kome opp mot 16 000 i løpet av året.

– Vi har aldri hatt fullare mottak enn vi har no. Vi som arbeider her vert rett og slett prega av å kvar dag sjå livsgnisten forsvinne i auga på dei som bur her.

UDI bør gå frå retur til behandling

Line Khateeb

VENTAR: NOAS har teke opp problema med lang ventetid sidan 2014 med UDI, regjeringa, støttepartia og justisdepartementet utan at noko har skjedd, seier organisasjonsrådgjevar i NOAS, Line Khateeb.

Foto: Privat bilde

Organisasjonsrådgjevar i NOAS, Norsk organisasjon for asylsøkjarar, Line Khateeb, meiner UDI må omprioritere ressursane dei har. Dei har informert regjeringa fleire gonger om den auka ventetida i mottaka.

– No brukar dei meir på retur enn på dei som kjem. Regjeringa må løyve meir pengar slik at vi ikkje kjem i ein slik situasjon at stadig fleire ventar lenger på mottaka.

Fredag bad UDI- direktør Frode Forfang om meir midlar på grunn av den pressa situasjonen dei er i.

- Sakshandsamingstida vil auke ei tid no frammover, seier Forfang som er dialog med Justidepartementet om korleis dei skal handtere situasjonen.

Statsminister Erna Solberg (H) lovar meir midlar, men vil ikkje vere konkret på kor mykje det er snakk om.

AKTUELT NÅ