Hopp til innhold

– Ein stor siger for MS-pasientar

For første gong vil eit cannabis-basert lækjemiddel bli legalisert i Noreg. Sosiolog Willy Pedersen trur det vil auke livskvaliteten til svært mange pasientar.

Cannabis-medisinen Sativex

Cannabis-medisinen Sativex kjem som munnspray. Det er låge konsentrasjonar av cannabis i medisinen, og ein vil oppnå liten ruseffekt.

Foto: Ap

Willy Pedersen

Willy Pedersen vart overraska over at styresmaktene no har opne for å legalisere eit cannabis-basert lækjemiddel.

Foto: UiO

I går vart det kjend at den cannabis-baserte medisinen Sativex etter all sannsyn vil bli tilgjengeleg for norske MS-pasientar.

Medisinen kjem som ein munnspray som ein skal spraye under tunga.

– Sprayen er først og fremst til hjelp for MS-pasientar med smerter og muskelkrampar. Nokre har god effekt av den. Andre har ikkje nokon effekt. Den vil bli gitt i ein prøveperiode på nokre veker – der dei som har effekt held fram med den, seier medisinsk fagdirektør i Statens Legemiddelverk, seier Steinar Madsen til Dagens Medisin.

Dette er første gong i norsk historie at eit lækjemiddel basert på Cannabis vert legalisert i Noreg.

Overraska

Professor i sosiologi og forfattar av boka «Cannabiskulturen», Willy Pedersen, vart overraska av at norske helsestyresmakter no vil legalisere eit cannabis-basert lækjemiddel.

– Eg vart overraska. Eg har oppfatta norske styresmakter som å vere veldig nølande på dette feltet. Det har lenge blitt vist stor skepsis til dette i Noreg.

Pedersen har tidlegare intervjua mange MS-pasientar om bruken av cannabis. Han kjenner til at fleire har måtte oppsøkt kriminelle miljø for å få tak i stoffet, som kan ha ein spasmedempande og smertelindrande effekt.

– Dette er ein klar siger for mange MS-pasientar. Det vil føre til ein stor levekårsforbetring for denne gruppa. Eg kjenner til at mange pasientar har vore svært fortvila fordi det har vore ulovleg. No vil dei sleppe å kome i risiko for politietterforsking.

Sterk holdningsendring rundt cannabis

Willy Pedersen seier at det dei siste 5–10 åra har skjedd to store endringar på cannabisfeltet. For det første blir rusmiddelet sett på som mykje mindre farleg enn berre for få år sidan. Då stoffet kom på 1960-talet vart det klassifisert som eit av dei aller farlegaste stoffa.

– Dette har endra seg gradvis, og i dag vert det av mange betrakta som mindre farleg enn alkohol og tobakk, seier Pedersen.

Samtidig peiker Pedersen på at medisinsk cannabis har opplevd ein liten revolusjon dei siste åra. I USA er det no 15 delstatar som tilbyr marihuana til medisinsk forbruk, og der får ein gjerne kjøpt det ubehandla.

Pedersen meiner det er mange fleire diagnosar enn MS som ein burde vurdere å gi cannabis til. Han nemnar pasientar med Tourettes syndrom og kreftpasientar som er under cellegiftbehandling. Men Pedersen er ikkje heilt ukritisk til bruk av cannabis som lækjemiddel.

– Det er ein god del tilstandar der stoffet ikkje bør ha ein sentral plass i behandlinga, til dømes angst, ADHD og søvnproblem. Her bør ein vere klart tilbakehaldne. Det er viktig å finne ut kva slags tilstandar dette er eigna for. Det er viktig å finne ut kva slags tilstandar Sativex er eigna for. Legane bør få betre kunnskap om dette.

– Er dette eit steg mot full legalisering av cannabis i Noreg?

– Eg trur ikkje det vil bli full legalisering i Noreg på mange år, men dette er nok eit teikn på at ein er på veg mot å mjuke opp narkotikalovgjevinga generelt, og har fått meir realistiske vurderingar av stoffet.

– Stortinget er framleis einige

Kari Kjønaas Kjos (Frp)

Kari Kjønaas Kjos i Frp er klar på at dette ikkje er eit steg mot legalisering av cannabis i Noreg.

Foto: Frp

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Kari Kjønaas Kjos, har tidlegare uttalt seg sterkt kritisk for å endre på regelverket rundt cannabis. Ho trur likevel det er uproblematisk at det vert opna for avgrensa medisinsk bruk.

– Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om det. Etter det eg forstår skal det bli gitt i små mengder og at det ikkje er mogleg å oppnå rus. Ut ifrå dette høyrest det uproblematisk ut.

– Er du redd for at dette er eit steg på vegen til cannabislegalisering?

– Nei, det er eg eigentleg ikkje. Det handlar om kvar me set grensene heile vegen. At ein godkjennar stoff til medisinsk formål er noko anna enn ruspolitikken som blir ført. Slik eg oppfattar det i Stortinget er det ingen parti som frontar legalisering. Det politiske miljøet ønskjer eit framleis forbod.

– Kva tenkjer du om at MS-pasientar oppsøker kriminelle miljø for å få tak i smertelindrande cannabis?

– Det burde ha vore heilt unødvendig i samfunnet me lever i. Men eg vil tru me har ei rekkje andre verkemiddel som kan hjelpe desse menneska, så eg tykkjer det er litt rart at dei må ty til dette. Men sjølvsagt er det beklageleg at dei ikkje får god nok hjelp av helsevesenet.

AKTUELT NÅ