Hopp til innhold

– Eg brukar ikkje takke nei til jobbtilbod

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) seier Siv Jensen er ein ypparleg Frp-leiar, men at det er hyggeleg å bli nemnd som framtidig leiarkandidat.

Siv Jensen og Jon Georg Dale

ARVTAKAR? Fleire har nemnd landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) som potensiell leiarkandidat i Frp etter Siv Jensen. Sjølv vonar han Jensen held fram i mange år til.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Om eg seier Jon Georg Dale, innvandringsliberal, kva seier du då?

– Gjerne det. Eg tilhøyrer heilt klart den innvandringsliberale fløya i Framstegspartiet. Eg er for at folk skal ha moglegheiter på tvers av landegrenser, men folk må også bidra.

Landbruksminister Jon Georg Dale (33) har gjort lynkarriere i regjeringa. Først som statssekretær hos samferdsleministeren, så hos Siv Jensen i finansdepartementet. I dag er han sjølv minister, og vert nemnd av fleire som mogleg arvtakar som leiar etter Siv Jensen.

– Vi har ein god partileiar i Frp no som eg vonar held fram i mange år. Det vert feil av meg å tenkje på det, i staden for å konsentrere meg om den jobben eg har no, seier han.

Sylvi Lishaug og Jon Georg Dale

SAMFYLKINGAR: Både Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale er trekt fram som potensielle leiarkandidatar for Frp. Begge kjem dei frå Sunnmøre i Møre og Romsdal. Bilete er frå då Dale tok over statsrådsjobben som landbruksminister frå Listhaug.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kronprinsessa eller kronprinsen

Den som oftast vert nemnd som arvtakar til leiarvervet i Framstegspartiet er samfylking Sylvi Listhaug. Dei to toppar lista til Frp i Møre og Romsdal, etter ein turbulent nominasjonsprosess i fylkeslaget.

Medan Dale er kjend for å vere kompromissvillig, så er Listhaug kjend for det motsette.

– Det er av og til eg får inntrykk av at ho likar det når det bles skikkeleg motvind. Det er ein eigenskap eg tykkjer er prisverdig, seier Dale.

Han er klar på at alle krefter no skal setjast inn på å løfte Frp til eit valresultat på line med førre stortingsval.

– Vi har som mål å skaffe like mange mandat som sist og behalde ei borgarleg regjering.

Las aldri SV sitt program

Dale starta i Frp fordi han villa ha ein strengare kriminalpolitikk. På spørsmålet om kvifor det vart akkurat Frp har Dale eit klassisk, korrekt svar:

– Eg las alle programma og bestemte meg for Frp og ikkje Høgre. Eller eg las ikkje SV då, for då eg las Ap sitt så skjønte eg at eg ikkje skulle lenger til venstre i alle fall.

Han meiner Frp har bevega seg i ei positiv, liberal retning når det gjeld saker som homofilt ekteskap, adopsjon og religion.

– På landsmøtet gjekk vi for ei klar dreiing i retning forbod mot omskjering, det meiner eg er bra. Det er ein inngriping mot individet som ikkje er medisinsk grunngjeve.

Fleksibel minister: Jon Georg Dale

SLAGORD: Eit kompromissvennleg slagord frå Dale. Her med Tottenham-flagg i bakgrunnen på kontoret.

Foto: Trond Lydersen

Dale vil heller få gjennomslag med kompromissar enn stå låst fast på eigne standpunkt. I NRK sitt sommarportrett vel han seg slagordet «den er sterkare den kvisten som bogna enn den som brest».

Kva betyr det?

– Køyr på så hardt du kan, bøy av når det er naudsynt for å få det gjennomslaget du kan få.

Han står likevel for den tydelege politiske brodden Frp har.

– Eg opplev i norsk politikk at det er ei forståing for at ein klinkar til i debattar, men at det kan vere godt samarbeidsklima mellom partia likevel.

Dresskless Jon Georg Dale

DRESSKLEDD: Jon Georg Dale kjem frå eit småbruk på Sunnmøre, men er i dag minister i Solberg-regjeringa. Sambuaren sørgjer for at han legg frå seg statsråd-faktene i heimen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Får kjeft for å vere sjølvopptatt

Ministeren har vore saman med sin sambuar i 10 år, men har ikkje planar om noko større familie for augeblikket.

– Ministerjobben er altoppslukande, dei som seier noko anna snakkar ikkje sant.

– Kva seier sambuaren din om korleis du har forandra deg etter at du vart minister?

– Ho vil nok seie at eg har blitt meir sjølvopptatt. Det å vere statsråd gjer at du har folk rundt deg heile tida som arbeider for at din dag skal fungere. Det gløymer ein av og til heime, då får eg får klar beskjed om å leggje frå meg statsrådfaktene, ler Dale.

– Kva fakter?

– Det kan vere tonefallet. Eller kommandoar. Då er det fint å ha ei som tek deg ned igjen der ein høyrer heime, seier han.

Landbruk og Tottenham

Dale har sjølv erfaring frå gardsdrift heime på Vestlandet, men mange av vestlandsbøndene er ikkje nøgd med tilskota ministeren og regjeringa er villig til å gi bøndene.

– Om vi skal kunne produsere meir mat i Noreg må vi ha eit større mangfald enn å love folk å leve av eit lite vestlandsbruk. Det har eg behov for å vere ærleg med folk om. Men det er ikkje noko gale å ha ein jobb ved sidan av.

Landbruksminister Jon Georg Dale i heftig debatt med bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane

UEINIGE: Landbruksminister Jon Georg Dale i heftig debatt med bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ministerjobbar og leiarverv kan freiste Dale, men draumejobben er likevel ein anna.

– Det er manager i Tottenham. Eg skulle vore på den siste kampen på Hvite Heart Lane, men jordbruksforhandlingane var ikkje ferdig.

– Manchester United byr dobbelt så mykje for Harry Kane enn det du ville gi bøndene i jordbruksoppgjeret, vil du selje?

– Nei. Kane vil jo ikkje gå, ikkje ein gong om det hadde blitt tre gongar så mykje, seier han.

Dale er ingen tilhengjar av føleri i politikken, men med fotball kan han lene seg tilbake og berre ta inn inntrykka.

– No har eg endeleg skaffa meg sesongkort etter sju år på venteliste.

– Så du vonar Frp taper valet då?

– Nei. Eg har to yngre brør, som er godt dressert når det gjeld fotball.

AKTUELT NÅ