Hopp til innhold

Stor kartlegging: Dette er dei norske framandkrigarane

NRK har undersøkt bakgrunnen til norske framandkrigarar. Ein stor andel er straffedømde og mange hadde svært låg inntekt før dei reiste.

Mosaikk fremmedkrigere
Foto: NRK

Dei er ei av dei største bekymringane norske styresmakter har. Rundt 60 personar har reist frå Noreg for å slutte seg til ekstreme islamistiske grupper i Syria, ifølge PST. I tillegg har nokre reist for å slutte seg til al- Shabaab og al-Qaida.

NRK har kartlagt 45 av dei vi kjenner identiteten til. Dette er den mest omfattande kartlegginga av framandkrigarar som er gjort i Noreg.

LES OGSÅ: Slik gjorde vi det

NRK har sett på korleis framandkrigarane levde før dei reiste. Kva dei hadde i inntekt, om dei er straffedømde, har utdanning, når dei kom til Noreg og kva etnisk bakgrunn dei har.

  • 60 prosent kom til Noreg som barn
  • Dei fleste hadde låg inntekt før dei reiste
  • 31 prosent er straffedømde
  • Minst 33 prosent droppa ut av vidaregåande skule

Laster innhold, vennligst vent..

DESSE VART FRAMANDKRIGARAR: Dra peikaren over rundingane for å lese meir om kvar enkelt av dei.

Den typiske framandkrigaren er ein ung mann og ikkje etnisk norsk. Han har låg utdanning og kom til Noreg som barn.

Framandkrigarane tente i snitt 84 651 kroner året før dei reiste. Fleire hadde ikkje inntekt det siste året dei var i Noreg.

3 av 10 framandkrigarar er straffedømde. Eit estimat viser at 1 av 10 nordmenn kjem til å bli straffedømt i løp av livet, ifølge SSB.

NRK fann berre ein med høgare utdanning. Minst 33 prosent av framandkrigarane slutta på vidaregåande skule før dei var ferdige. 31 prosent fullførte. Resten er ukjent.

Kartlegginga viser også at ti av framandkrigarane er konvertittar.

Dei sju etnisk norske konvertittane i kartlegginga skil seg ut. Alle sju droppa ut av vidaregåande skule. Fire av dei er straffedømde. Ein er sikta.

PST: – Kjenner det igjen

– Det er nokre generelle gjenkjennelege trekk i analysen, som fell saman med ein analyse vi har gjort når det gjeld syriafararar, seier PST- sjef Benedicte Bjørnland.

Benedicte Bjørnland

PST- sjef Benedicte Bjørnland seier at ein del framandkrigarar er dårleg integrert i det norske samfunnet.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Vi gjorde nokre funn, mellom anna at dei er gjennomgåande marginalisert. Og med det så meiner vi ikkje i arbeid, ein del har avbrote utdanningsløp bak seg, scorar dårleg på inntekt, ein del er også dårleg integrerte i det norske samfunnet.

Frå vanleg kvardag til krig

Det finst mange ulike historiar om korleis framandkrigarane levde før dei reiste frå Noreg.

Ein er skildra som ein «bad boy» av vener. Han slutta på vidaregåande og vart dømt for fleire sjokkbrekk og tjuveri. Så konverterte han til islam og reiste til Syria for å kjempe med IS.

Nokre levde det mange vil kalle eit vanleg ungdomsliv. Ein ung gut som seinare reiste til Syria var interessert i fotball, mote, tv-seriar og vener. På same tid hadde han kontakt med radikale miljø.

Ein gjekk frå eit liv utan religion til å bli ekstrem islamist. Gradvis fekk han nye vaner. Han slutta å ete svin, begynte å be og las i Koranen, har familien fortalt. Så eskalerte det. No er han i Syria.

– Problem med å finne sin plass

PST sitt Felles kontraterrorsenter har laga ein eigen rapport om norske framandkrigarar i Syria. Der står det at ei gruppe av framandkrigarar har hatt problem med å finne sin plass heilt sidan ungdomstida og at det kan føre til ein manglande følelse av at dei høyrer heime. Det kan føre til at dei søker status og identitet i ekstreme miljø, ifølge rapporten «Norske fremmedkrigere i Syria».

Men PST har også sett personar som fungerte godt i det norske samfunnet som har blitt framandkrigarar.

– Dei valde som følge av at dei blei radikalisert å reise ut og knyte seg til opprørsgrupper. Dei slutta i jobb og i utdanningsløpet dei stod i, og enda på den måten på utsida av samfunnet, seier Bjørnland.


Mange kom hit som barn

NRK si kartlegging viser at 60 prosent av framandkrigarane kom til Noreg som barn. Den største gruppa har somalisk bakgrunn. Det er også fleire kurdarar, algerarar og pakistanarar.

– Det at dei kom hit som barn seier meg at ein del av desse unge menneska er svært sårbare, og at vi då kanskje ikkje lukkast godt nok i samfunnet generelt med å integrere personar med anna etnisk bakgrunn enn norsk, som kjem frå ikkje- vestlege land.

– Korleis er dei sårbare?

– Dei er påvirkelege når dei ikkje finn røter i det norske samfunnet. Dei kan falle utanfor, får ikkje vener, kjem ikkje i arbeid, opplever ikkje det å vere vellukka, og blir sånn sett sårbare for uheldig påverknad.

– Viktig å vite om bakgrunnen

PST ser på trusselen frå ekstrem islamisme som den største trusselen mot Noreg, og er bekymra for kva som kan skje når framandkrigarane vender heim med kamptrening og våpenkunnskap.

Tidlegare denne månaden sa tryggingstenesta at det er sannsynleg at nokon kjem til å prøve å gjennomføre eit terroråtak i Noreg i løp av 12 månader.

IS-krigere masjerer i Syria

Nokre av framandkrigarane som har reist frå Noreg kjempar med IS.

Foto: Uncredited / Ap

Bjørnland seier at det er viktig å vite kva bakgrunn framandkrigarane har.

– Det vi er opptekne av er at ein er kjent med sårbarheitsfaktorane. Dei er jo ganske generelle for det å vere sårbare til kriminalitet generelt. Om ein driv godt kriminalitetsførebyggande arbeid vil ein truleg også famne dei som er sårbare for å la seg friste til å reise og delta i heilag krig.


AKTUELT NÅ