Hopp til innhold

Fotoboksar halverer trafikkdød

Fotoboksar som måler gjennomsnittsfart halverer talet på drepne og hardt skadde i trafikken, syner ein fersk rapport. Regjeringa har likevel ikkje bestemt seg for om dei vil ha fleire slike snittmålingar.

Gjennomsnittsmåling Helltunnelen

Gjennomsnittsmålingar i trafikken halverer talet på drepne og hardt såra, syner ein ny rapport. I tunnellar er effekten enda betre. Regjeringa har sagt at dei ikkje ønskjer å utvida bruken av slike målingar på vegane.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

I regjeringserklæringa skreiv Høgre og Frp at dei vil avgrensa bruken av snittmåling og stoppa alle slike målingar på nye strekningar før ordninga er evaluert.

No er evalueringa gjort og svara klare: Gjennomsnittsmålingane betyr ikkje berre lågare fart, men også langt færre alvorlege ulukker.

Regjeringa er avventande

Hoksrud

Statssekretæren i Samferdselsdepartementet Bård Hoksrud (Frp) viser til Datatilsynet sin skepsis til gjennomsnittsmålingar på grunn av overvakinga det medfører.

Foto: Åserud

Talet på drepne og hardt såra blir redusert med mellom 49 og 54 prosent som eit direkte resultat av fotoboksane. Personskadeulukkene på desse strekningane er gått ned med mellom 12 og 21 prosent.

Det syner den nye rapporten laga av Transportøkonomisk institutt (TØI) på bestilling frå Vegdirektortatet.

Trass i svært gledelege resultat, vil ikkje departementet lova at det blir gjennomsnittsmåling på fleire norske vegar framover.

– Nei, trafikktryggleik handlar om mange forhold og mange grep. Me ønskjer no å sjå nærmare på dette, så får me sjå kva me endar opp med, seier statssekretær Bård Hoksrud (Frp) til NRK.

Hoksrud viser til at Datatilsynet var skeptiske då den raudgrøne regjeringa først innførte strekningsmåling av fart på grunn av overvakinga det medfører.

– Denne regjeringa er oppteken av trafikktryggleik. Det er jobb nummer éin, me har ingen å mista i trafikken. Me har innført fleire tiltak og kjem til å innføra enda fleire, legg Hoksrud til.

Særskilt god effekt i tunnellane

Ved inngangen til Byfjordtunnellen i Rennfast

Byfjordtunnellen på E39 i Rogaland er ein av dei 14 vegstrekningane med snittmåling som har blitt undersøkt i rapporten.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK
Forskar Alena Høye i Transportøkonomisk institutt (TØI)

– Funna i den norske undersøkinga samsvarar med funn i andre land, fortel forskar Alena Høye ved Transportøkonomisk institutt (TØI)

Foto: Hans-Jørgen Solli / NRK

Det finst totalt 23 strekningar med gjennomsnittsmålingar i Noreg. Den nye rapporten er basert på evalueringar av alle dei 14 strekningane i Noreg som har fått gjennomsnittsmåling i perioden 2009-2012. (sjå faktaboks).

– Funna i den norske undersøkinga samsvarar med funn i andre land som Storbritannia, Italia, Austerrike og Australia, fortel forskar Alena Høye ved TØI.

Rapporten viser også at talet på personskadeulukker er kraftig redusert på strekningane før og etter stadene der fotoboksane som måler snittfart står.

I einskilde tunnellar er målingane enda meir effektive enn på vanleg veg.

– I dei undersjøiske tunnellane er det heilt slutt på dei grove fartsoverskridingane, opplyser TØI-forskaren til NRK.

– Viktig hjelp for politiet

Dette siste er spesielt gledeleg, seier sjefen i Utrykningspolitiet (UP) Runar Karlsen.

– Me slit litt med fartskontrollar i tunnellar av fleire årsaker. Politiet meiner strekningsmålingar passar veldig godt å ha nettopp i tunnellar.

– Streknings-ATK er eit viktig supplement til politiet sine fartskontrollar. Lågare fart gir lågare ulukkesstal. Det er kjent kunnskap, legg Karlsen til.

Desse strekningane med snittmåling er evaluerte i den nye rapporten:

  • Oslofjordtunnellen
  • Byfjordtunnellen
  • Eiksundtunnellen
  • Tromsøysundtunnellen
  • Helltunnellen
  • Barkald (Rv 3 i Hedmark)
  • Finstad (Rv 25 i Hedmark)
  • Rosten (Ev 6 i Oppland)
  • Harestua (Rv 4 i Oppland)
  • Bromma (Rv 7 i Buskerud)
  • Dørdal (Ev 18 i Telemark)

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger