Hopp til innhold

Fryktar det vil gå frå vondt til verre med nye reglar for passkontroll

Nye strengare EU-reglar for passkontroll vil forverre situasjonen i grensekontrollen på Gardermoen, fryktar NHO Luftfart.

Passkøen på Gardermoen

Timelange passkøar har ført til at mange passasjerar har mista flya sine det siste året. No fryktar NHO Luftfart at dette berre vil halde fram.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Politiet har jo sjølv opplyst til oss at det per i dag manglar rundt 50 stillingar, og på lang sikt snakkar vi om fleire hundre stillingar med nye grensekontrollkrav som vil krevje meir ressursar, seier direktør Torbjørn Lothe.

Det siste året har mange både passasjerar og tilsette ved Oslo lufthamn fått kjenne ressursmangelen i passkontrollen på kroppen. No varslar EU prosedyrar som kan forlenge tida og køane på veg gjennom flyplassen.

Svar på terrortrusselen

I førre veke vedtok eit stort fleirtalli i EU-parlamentet at passa til alle som skal inn og ut av Schengen skal bli kontrollert betre elektronisk, opp mot fleire av EUs databasar. Dette kjem som svar på terrortruslar i Europa, og for å hindre EU-borgarar i å reise for å slutte seg til terrorgrupper som IS.

– Dette er et svar til terrorhandlingar på europeisk jord, spesielt i Paris. Schengen vil få truverdet tilbake, med systematisk kontroll av personar som kjem til og reiser ut frå EU-land, sa Marielle de Sarnez i EU-parlamentet då dei debatterte dette.

France Louvre Attack

Paris og Europa har opplevd fleire terrorangrep dei siste åra, og endå fleire forsøk på angrep. I EU-parlamentet håpar dei at strengare kontroll på flytrafikken vil hjelpe.

Foto: Kamil Zihnioglu / AP

I tillegg vil EU gjere som USA har gjort, og krevje at ein søker om innreisetillatelse elektronisk og betaler 5 euro for å fly til land innanfor Schengen. Dette vil gjelde såkalla tredjelandsborgarar, alle som kjem fr¨å land utanfor EU/EØS-området, men som ikkje treng visum.

Dette vil føre til ein tydeleg skjerpa kontroll, som vil bety enda lengre køar i det politiet og NHO Luftfart meiner er ein allereie overbelasta passkontroll på Gardermoen.

Torbjørn Lothe, administrerende direktør NHO Luftfart

Torbjørn Lothe, direktør i NHO Luftfart, er uroa for trafikkavviklinga på landets største flyplass.

Foto: NHO Luftfart

– Det at grensekontrollen ikkje fungerer betyr at flyrutesystemet heller ikkje fungerer godt nok. Det er ein komplisert logistikk. Gardermoen er eit knutepunkt i norsk luftfart, og det må fungere heile tida for at folk skal kome fram, seier Lothe.

Han peiker på at i tillegg på mangel på folk i grensekontrollen har ein ikkje nok tekniske løysingar på plass til å lese passa.

Justisministeren: – Ingen grunn til uro

Det kan ta nokre år før dei skjerpa passkontrollane som EU no vedtek blir gjennomført i praksis på europeiske flyplassar.

NHO Luftfart og NHO reiseliv er kritiske til regjeringa, nærare bestemt justisdepartementet, fordi NHO meiner at styresmaktene ikkje gjer nok, verken på kort eller lang sikt.

Justisminister Per-Willy Amundsen avviser kritikken.

Justis- og beredskapsminister Per Willy Amundsen (Frp).

Per-Willy Amundsen seier at dei jobbar med å få på plass betre løysingar for å få meir effektivitet i passkontrollen.

Foto: NRK

– Vi har i høgste grad merksemda retta mot eventuelle køutfordringar til sommaren, og kjem til å sette inn ekstra ressursar for å handtere desse.

Amundsen meiner NHO Luftfart heller ikkje treng å uroe seg for følgene av nye EU-krav.

– I samband med dei skjerpa krava frå EU jobbar vi med gjennom eit eige prosjekt for å få på plass gode løysingar.

AKTUELT NÅ