Hopp til innhold

Høgre-toppane aner ikkje kva dei meiner om eggdonasjon

Fylkes- og partitoppar i Høgre klarer ikkje å bestemme seg for om dei er for eller mot å tillate eggdonasjon. Saka er venta å bli den store thrilleren på landsmøtet i mars.

Erna og Bent

SPLITTER: Erna Solberg og Bent Høie stemte begge mot å gjere eggdonasjon lov i 2013. Fire år seinare er spørsmålet meir ope enn nokon gong i Høgre.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sist var det reservasjonsrett for legar. Denne våren skal eit anna vanskeleg verdispørsmål splitte Høgre, og nokre veker før saka skal debatterast er utfallet heilt i det blå.

I ein ringerunde til fylkesleiarane i partiet svarar 12 at dei ikkje har bestemt seg for om dei er for eller mot.

– Det er så vanskeleg

Eggdonasjon er ikkje lov i Norge, men er det i Sverige, Danmark, Finland og nær 20 andre europeiske land.

Både Ap, Venstre og Frp er for å gjere det lovleg i Norge, men som følgje av dagens samarbeidsavtale mellom dei fire borgarlege partia har ikkje det fleirtalet noko å seie.

No brygger det imidlertid opp til ny debatt internt i Høgre. Partiet har i dag programfesta at dei er mot, men i forslaget til nytt partiprogram er punktet om eggdonasjon tatt heilt ut.

 Torbjørn Røe Isaksen

OPNAR FOR DEBATT: Torbjørn Røe Isaksen leia programkomiteen som ikkje vil sei verken ja eller nei til eggdonasjon.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Det har vi gjort fordi det ikkje er like stor einigheit om dette som det har vore før. Både i programkomiteen og i partiet er ein veldig delt i synet på eggdonasjon, så difor let vi den debatten vere opp til landsmøtet, seier leiar i Høgres programkomité, Torbjørn Røe Isaksen, til NRK.

Og delt er berre førebokstaven.

– Det er så vanskeleg, seier Vidar Grønnevik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, ein av dei som grublar på spørsmålet.

– Kvifor vanskeleg?

– Fordi det handlar om både etikk, livssyn og familiepolitikk. Og om kva helsevesenet skal prioritere. Det har så mange aspekt ved seg at eg må innhente meir kunnskap før eg kan konkludere, seier han.

Ein annan som er i tenkeboksen er fylkesleiar Jo Inge Hesjevik i Finnmark.

– Det er ingen menneskerett å få barn, og ein vil jo at born skal kjenne sitt opphav. Men dersom eg sjølv var i ein situasjon der eg ikkje kunne få barn, ville eg jo sett etter løysingar, seier han.

Meiner Høgre ikkje er klare

Av dei 18 fylkesleiarane i Høgre (Trøndelag er eit fylkeslag) seier 3 at dei personleg er mot eggdonasjon. Høgre har tradisjon for å stille alle delegater på landsmøtet fritt til å stemme som dei vil i verdispørsmål.

Ein av dei som har stått fremst i nei-gruppa er fylkesleiar Harald Furre i Vest-Agder.

Harald Furre

SVOREN NEI-MANN: Kristiansand-ordførar Harald Furre er mot eggdonasjon.

Foto: Høyre

– Dette splitter Høgre mellom det liberale og det konservative, det er krevjande, seier Furre.

Furre set sjølv i programkomiteen som i år vel å ikkje meine noko om eggdonasjon. Til debatten på landsmøtet har han fylgjande råd:

– Denne saka treng Høgre meir tid på. Mitt råd til landsmøtet er at vi ikkje fattar noko skarpt vedtak no, men erkjenner at partiet treng meir tid.

Ein annan som sit i programkomiteen er Nikolai Astrup frå Oslo. Fylkeslaget hans pressar på for å få partiet til å snu.

– Oslo Høgre meiner det er tid for å likestille sæddonasjon og eggdonasjon. Samstundes anerkjenner vi at dette er ei vanskeleg problemstilling, og eg forstår at mange synes det er ein krevjande debatt. Eg ser argument både for- og mot, seier Astrup.

Forholdet til KrF på spill

Ein som ikkje vil høyre snakk om at dette er eit likestillingsspørsmål, er KrF-leiar Knut Arild Hareide:

Hareide på sitt kontor på Stortinget

MOTSTANDAR: KrF-leiar Knut Arild Hareide er klar på at eggdonasjon ikkje bør bli lov i Norge.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

– Viss vi seier at denne typen krevjande verdispørsmål handler om likestilling, så blir det veldig vanskeleg å sei nei til andre ting. Då har ein gått veldig langt i åpne for surrogati, og å gjere born til ei vare.

– Fortsatt nei til eggdonasjon kjem til å vere ei viktig sak for KrF i forhandlingane etter valet, seier han.

Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har fram til no vore på linje med Hareide og KrF i denne saka.

Erna Solberg og Jan Tore Sanner

VAR MOT SIST: Då Høgre debatterte eggdonasjon på landsmøtet i 2013 gjekk partileiar Erna Solberg mot å gjere det lovleg.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Ho stemte for at Høgre skulle vere mot eggdonasjon på landsmøtet i 2013, men vil ikkje sei om ho har endra meining.

– Eg svarer ikkje på for- eller mot-spørsmål om saker som skal behandlast på landsmøtet, seier Solberg til NRK.

Heller ikkje programkomiteens leiar Torbjørn Røe Isaksen vil sei om han har bestemt seg, men medgir at han er skeptisk til å tillate eggdonasjon.

For liberale Høgre-folk kan vegen uansett synes lang. Sjølv om partiet skulle seie ja til eggdonasjon på sitt eige landsmøte, reknar det store fleirtalet NRK har snakka med det som sjølvsagt at Høgre legg eggdonasjon vekk i eventuelle samarbeidsforhandlingar med KrF etter valget.

– Aldri om Høgre kjem til å setje makt og forholdet til KrF på spel for å få gjennom ei sak partiet uansett er så splitta i synet på, seier ei kjelde.

– Eg veit veldig godt kor viktig denne saka er for KrF, seier statsminister Erna Solberg.

Høgre held landsmøte på Gardermoen 9. - 12. mars.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger