Både kronprinsen og kronprinsessa skulle etter planen delta på 50-årsmarkeringa av FN sitt utviklingsprogram, UNDP, i neste veke. Men helseplagene gjer at kronprinsessa må bli heime. Kronprins Haakon reiser utan kona si. Han har vore goodwillambassadør for UNDP sidan 2003.
Kronprinsen tok over
At kronprinsessa er sjuk blei fyrst kjent torsdag morgon då ho ikkje kom til opninga av eit seminar i Folketeateret i Oslo. Kronprins Haakon stilte i staden og heldt talen kona hadde førebudd.
Også i november i fjor avlyste kronprinsesse Mette-Marit ei lenge planlagt offisiell reise til Brasil på grunn av luftvegsplager. Den gong, som no, var det etter råd frå legane.
– Under behandling
– Kronprinsesse Mette-Marit er under utgreiing og behandling for gjentatte luftvegsinfeksjonar. Legens råd er at ho ikkje reiser på offisielt besøk til Brasil, sa kommunikasjonssjef Marianne Hagen den gongen.
I ettermiddag seier Marianne Hagen til NRK at det ikkje er klart om lungebetennelsen no vil føre til fleire avlysingar i tida framover.