Hopp til innhold

Maja (12) spelte barnebruda Thea

12 år gamle Maja frå Sverige gjekk i dag opp kyrkjegolvet som barnebruda Thea i regi av Plan Norge. Etter høglytte protestar frå dei oppmøtte, vart barnebryllaupet stansa.

Maja på 12 år speler barnebruda Thea i Plan Norge sin kampanje mot barnebryllaup.

Kampanjen til Plan Norge om 12 år gamle Thea som skulle gifte seg med Geir på 37 år, har fått mykje merksemd.

I dag vart eit bryllaup iscenesett i Kulturkyrkja Jakob i Oslo. 12 år gamle Maja frå Sverige har i fleire veker spelt rolla som barnebruda Thea.

– No kan eg le igjen

Thea viser frem ringen

Thea viser fram ringen.

Foto: Nina Ruud

12 år gamle Maja syntest det var veldig spesielt å gå opp kykjegolvet i ein for stor brudekjole. I fleire veker har ho førebudd seg på rolla som Thea, men det vart likevel sterkt for 12-åringen.

– Det var heftig då alle reiste seg når eg kom inn i kyrkja, men det er bra at så mange stilller opp for å vise motstand mot eit slikt alvorleg tema.

Den 12 år gamle jenta fortel at det er trist å tenke på at noko som kjennest så urealistisk for henne, er realiteten for millionar av jenter verda over.

Når du kom ut og var ferdig, korleis var det?

– Det var kjempegodt! Då kunne eg le igjen. Som barnebrud vil eg ikkje le, då er eg lei meg. Barn synest ikkje noko om å verte vekkgifta, det er heilt feil og trist, fortel Maja.

Thea og Geir

Brudeparet Thea og Geir, spelt av Maja og Hallvard Holmen.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Svært ubehageleg å vere brudgom

Brudgomen, 37 år gamle Geir, var spelt av skodespelar Hallvard Holmen. Han synest det var ubehageleg og feil å sitte ved alteret og vente på si 25 år yngre brud.

– Det var ein veldig ekkel situasjon. Men samtidig var det ei god kjensle, dette er eit svært viktig tema som eg er glad for å kunne vere med på å setje fokus på, seier Haugen.

Mange hadde møtt opp for å delta i bryllaupet, og like mange hadde møtt opp med plakatar og bannerar for å protestere mot bryllaupet. Med rop som "stopp bryllaupet", og "Thea sei nei", viste dei sitt standpunkt mot at jenter vert pressa inn i ekteskap.

Saka held fram etter biletet.

Barnebryllup

Fleire hadde møtt opp utanfor kyrkja for å uttrykke sine meiningar om barnebryllaup.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Ei jente annakvart sekund

– Vi vil forsøke å vise det absurde i situasjonen. Ei lita jente som vert sett inn i eit vaksent univers, der ho absolutt ikkje høyrer heime, fortel Olaf Thommessen, generalsekretær i Plan Norge.

Olaf Thommessen, generaksekretær i Plan Norge

Generalsekretær Olaf Thommessen i Plan Norge stod bak stuntet.

Foto: Nina Ruud

14 millionar jenter er barnebrud kvart år, 39 000 kvar dag, ei jente annakvart sekund. Det er

Stuntet frå Plan Norge har fått interesse verda over. Thommessen og Plan Norge har blitt nedringt frå utanlandsk presse som er interessert i stuntet.

– Amerikanske talkshow og Hollywood-kjendisar har snakka om dette offentleg. Slik sett har kampanjen vore svært vellukka, seier Thommessen.

I dag fekk vi stoppa eitt barnebryllaup, men dei 39 000 andre gjekk nok som planlagt, legg Tommessen til.

– Det var svært sterkt

– Dette er ei viktig påminning om at jenter sine rettar vert brotne massivt kvar dag, fortel barneombod Anne Lindboe, som også var til stades i kyrkja i dag.

Ved å setje det inn i ein norsk situasjon trur Lindboe at ein opnar augo til folk omkring, sjølv om det skjer hovudsakleg i land langt borte.

Kva kjensler gjekk gjennom deg då du såg barnebruda kome inn i kyrkja?

– Eg byrja nesten å gråte, det vart utruleg sterkt. Det går opp for ein kva jenter blir utsette for, at dei vert frårøva barndomen sin på den måten.

Theas bryllupsblogg

Thea sin bryllaupsblogg har fått merksemd verda over.

Foto: Plan Norge

AKTUELT NÅ