Prinsesse Märtha Louise skriv i et innlegg på Instagram at ho og Durek Verrett har fått nok i forkant av bryllaupet sitt, og at paret ikkje lenger vil svare på førespurnadar frå pressa.
I eit innlegg på Instagram publisert tidleg torsdag morgon, skriv prinsessa følgande: «from this day forward, we will not comment on anything the press throws at us».
Om det betyr at paret frå no av ikkje vil svare på spørsmål frå pressa, eller om dei heilt vil slutte å stille opp i media frå no av, er uklart.
NRK har forsøkt å få kontakt med manageren til prinsesse Märtha utan hell.
Prioriterer kjærleiken
– Me veit at delar av pressa vil fortelje løgner om oss i det bryllaupet nærmar seg. Mens me førebur oss på den store dagen er me dedikerte til å ta vare på kvarandre, skriv prinsessa.
Ho legg til at dei vil prioritere den mentale helsa og kjærleiken for kvarandre.
Paret ber om forståing mens dei førebur bryllaupet sitt. Det skal gå av stabelen i Geiranger i Møre og Romsdal i slutten av august.
Kongehusekspert i TV 2 Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen trur dekninga av paret framover mot bryllaupet vil vise om Märtha gjorde lurt i å kutte banda til media.
– Det er følgene av dette som avgjer om det var ei god eller dårleg avgjerd, seier han.
Märtha: – Se og Hør splittar familien
Den siste veka har Märtha gått hardt ut mot Se og Hør si dekning av Durek Verrett. Særleg har avtalen vekebladet har med mora til Verrett om å dele bilete mot betaling, vore i fokus. Det var VG som først omtala saka.
Schulsrud-Hansen trur utsegna i Instagram-innlegget er ein konsekvens av blesten rundt VGs avsløringar.
Mor til Verrett har ved fleire høve stilt opp for Se og Hør og kome med krass kritikk av sonen.
Ho skal blant anna ha sagt til vekebladet at sonen er farleg.
I podkasten «HeartSmart Conversations», som prinsessa Märtha speler inn saman med Lilli Bendriss og Mari Manzetti, var dette tema nyleg.
– Det er utruleg vondt å sjå på at ein familie vert splitta totalt fordi Se og Hør kjøper tenester, eller sel. Altså, dei gir pengar for informasjon, meiner eg, seier prinsessa i podkasten.
Saka har sett søkelys på den journalistiske praksisen til Se og Hør.
Sjefredaktør i vekebladet Ulf André Larsen held fast ved at dei ikkje tek betalt for saker.
– I dag betaler me berre for bilete, skriv redaktøren i ein kommentar publisert på Se og Hør sine heimesider 7. april.
Uvanleg strategi
I tråd med presseetikken står prinsesse Märtha og Verrett fritt til å velje å uttale seg i media, skriv både Norsk Presseforbund og Norsk Redaktørforening til NRK.
Men det betyr ikkje at pressa vil slutte å skrive om forhold rundt paret som er av offentleg interesse, som til dømes bryllaupet.
Nybø har forståing for at det er krevjande for paret å leve med merksemda frå media.
– Samtidig som dei jo har søkt merksemd i ulike kanalar – både gjennom sosiale og redaktørstyrte medium. Dermed kan det sjå ut til at paret ønsker å unngå kritiske spørsmål og negativ merksemd, seier Nybø.
– Men det er synd og heldigvis heilt uvanleg at eit medlem av kongefamilien vel denne strategien.
Kristine Foss i Norsk Presseforbund seier det er synd at prinsessa ikkje nyttar anledninga til å rette på det ho synest er misvisande eller feil offentleg, men understrekar at prinsessa ikkje har noko plikt til å gjere det.
NRK har bede kongehuset om ein kommentar til saka, men har ikkje enno fått svar.
– Pressa er ute etter meg
Både prinsessa og Durek Verrett har fleire gonger gått hardt ut mot media tidlegare.
I ein video på Instagram publisert i desember i fjor seier Durek Verrett at den norske pressa er ute etter han og vrir og vender på det han seier.
Dette hevda den sjølverklærte sjamanen i etterkant av at han fekk kritikk for ein video kor han sa at ånder kan ta bustad i barn. Videoen fekk mange til å reagere.
Sjølv sa Verrett i eit svar på Instagram at nordmenn ikkje skjønar seg på spiritualitet og sjamanisme.
Prinsesse Märtha fortalde om mediepresset ho har opplevd under Skup-konferansen i Tønsberg i fjor haust.
– Er det nokon av dykk som har vore utsett for eit sånt mediepress som eg har vore utsett for gjennom 30 år, spurte ho då journalistane som sat i salen.