Hopp til innhold

Nettbank-trøbbel for DNB - igjen

DNB-opplevde atter ein gong at nettbanken var utilgjengeleg på grunn av teknisk svikt tysdag morgon.

DNB nettbank

DNB sin nettbank har hangla i løpet av året. Tysdag morgon vart den nok ein gong råka av tekniske problem.

Foto: NRK

Thomas Midteide

Thomas Midteide er konserndirektør for kommunikasjon i DNB. Han orsakar den tekniske svikten, men er glad det skjedde på morgonkvisten når trafikken er låg.

Foto: DNB

Banken opplyser tysdag på sine nettsider om at den har tekniske utfordringar i nett- og mobilbank, og at «at me jobbar med å løysa dette så fort som mogleg».

Konserndirektøren for kommunikasjon i DNB, Thomas Midteide, stadfestar at det har vore rusk i systemet på morgonkvisten.

– IT -avdelinga vår kjenner ikkje årsaka enda diverre, men systema er på veg opp att. Det er dumt at det skjedde på morgonen, men det var på eit tidspunkt med ekstremt lite trafikk, heldigvis, seier Midteide til NRK.

Trøblete år

DNB har hatt tekniske problem ei rekkje gonger i løpet av året. I sommar var nettbanken ute av drift fleire gonger på ei veke på grunn av feil som blei spora tilbake til underleverandøren Evry.

Det er førebels uvisst om det også denne gongen er hos Evry problemet ligg, ifølgje DNB.

Like før klokka 8 skal nettbanken vera oppe igjen og stabil.

DNB har 1,8 millionar nettbankkundar i Noreg.

AKTUELT NÅ