Hopp til innhold

No kan du sjekke kvaliteten på barnehagen på nett

Ei ny nettside skal gjere det lettare å sjekke kvaliteten på barnehagane. Kunnskapsministeren håper Barnehagefakta.no kan legge press på barnehagar som scorar dårleg.

Torbjørg Røe Isaksen i barnehage

Torbjørn Røe Isaksen på besøk i Trolldalen barnehage i samband med lanseringa av Barnehagefakta.no

Foto: Odd Iversen / NRK

Nettsida som Kunnskapsdepartementet lanserte i går skal gjere det lettare å finne relevant informasjon om barnehagane i Noreg. Men ikkje alle er sikre på om satsinga vil ha nokon effekt.

Informasjon om utdanning

På nettsida Barnehagefakta.no står det at ein kan finne informasjon om dei tilsette sin utdanningsbakgrunn, kor mange born per tilsett, om barnehagen oppfyller pedagognorma og om kor stort opphaldsareal barnehagen har.

I tillegg finn du opplysningar om kvar barnehagen ligg, kor mange barn som går i barnehagen og om barnehagen er offentleg eller privat.

Barnehage

Nettstaden gir blant anna info om kor stort areal det er i barnehagen per barn.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Dette er kjempefint og nyttig dersom ein vil vite kva slags utdanning dei tilsette har, og kanskje skaper ein meir press utanfrå når det gjeld å skaffe fleire pedagogar, seier Unni Holsbøvåg, ei mor som NRK møter då vi er innom Trolldalen barnehage i Oppegård kommune.

Og akkurat det er eitt av formåla med denne nettsida, skal vi tru regjeringa.

I går var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen også på besøk i barnehagen.

– Vi vil at foreldre skal få meir informasjon om barnehagen, og at dei skal vere sterkare pådrivarar om kvalitet i barnehagen. Og då må foreldra kjenne til desse tala, seier Isaksen.

Barnehagefakta

Barnehagefakta.no skal gjere det lett for foreldre å samanlikne barnehagar.

Foto: Skjermdump/Barnehagefakta.no

– Direkte frekt av regjeringa

Det er ikkje alle som deler begeistringa for tanken bak nettsida. Leiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, meiner det kan bere fint med ein slik portal, men at delar av motivasjonen bak er feil.

– Det er direkte frekt av regjeringa å stille forventningar til foreldra om å bruke ein slik portal til å påverke barnehagane. Det er ikkje akkurat slik at mange foreldre kan velje og vrake i barnehageplassar, seier han.

Lysbakken seier at det er regjeringa sitt ansvar å sørgje for utdanna tilsette i barnehagane, og ikkje foreldra til borna som går der. Han meiner dette er klar ansvarsfråskriving.

Audun Lysbakken

SV-leiar Audun Lysbakken synest det er frekt av regjeringa å gi foreldre ansvar for å påverke barnehagane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det motsette av ansvarsfråskriving

Også instituttleiaren ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Mette Tollefsrud deler noko av uroa til SV-leiaren.

– Det kan alltid vere ein fare for at ein skyver ansvaret nedover. Ein leiar i barnehagen kan ikkje alltid gjere alt, det er kommunen og departementet som må trå til.

Til sjuande og sist er dette politikarane våre sitt ansvar seier Tollefsrud, som legg til at ho synest nettsida ser god og informativ ut.

– Dette er det motsette av ansvarsfråskriving, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han meiner at ved å gi informasjon til foreldra, som igjen brukar denne informasjonen i søknadsprosessen, så sender ein eit signal til barnehagane om at foreldra er opptekne av kvalitet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger