I mai kjem over 100.000 besøkande til Malmö for å ta del i Eurovision Song Contest. Besøkande frå over 80 land har kjøpt billettar.
Førebuinga til arrangementet er i gang, og tryggleiken er høgt på prioriteringslista.
Difor skal også norsk politi hjelpe til.
– Vi ventar opp mot hundretusen besøkande som vi møter med stor, stor politiinnsats, seier Nils Norling, pressetalsperson for det svenske politiet.
I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.
– Det kjem til å vere i prinsipp politi overalt heile veka, seier Norling.
Eurovision startar 5. mai og vil halde på i ei veke.
Skal hjelpe til med demonstrasjonar
Torgeir Haugen, politioperativ seksjon i Politidirektoratet, stadfestar at norsk politi vil hjelpe til under arrangementet i Malmö.
– Svensk politi har sendt ei oppmoding til norsk politi, som er innvilga. Oppdraget går ut på å sende norsk personell som skal bistå i ei veke med handteringa av moglege demonstrasjonar eller markeringar.
Ifølgje Haugen får dei slike oppmoding frå tid til anna.
– Det er i tråd med «Prümbeslutningen». Det er ein avtale som regjeringa har med EU som opnar for at norsk politi kan ta del i felles operasjonar med andre land.
Politiet ønsker ikkje å svare på kor mange politifolk det er snakk om, og heller ikkje kor dei kjem frå.
Norsk og dansk politi hjelper til
– Kjem norsk og dansk politi til å vere væpna når dei arbeider i Malmö?
– Dei kjem til ha sitt vanlege utstyr når dei er her, og det kan også vere norske og danske politibilar i Malmö denne veka, seier Norling til Dannmarks Radio.
Fleire tryggingstiltak er aktuelle. Det kan bety at Sverige strammar inn grensekontrollen under Eurovision-veka, opplyser svensk politi.
Israel-boikott
Det venta fleire demonstrasjonar under Eurovision. Det har alle reise vore store demonstrasjonar i fleire europeiske land fordi Israel skal delta i konkurransen. Fleire har også varsla boikott av konkurransen.
Sjølv om politioppbodet er stort, ser ikkje svensk politi teikn til vald eller uro knytt til arrangementet.
Tidlegare har Sveriges Radio meldt at krigen mellom Hamas og Israel har påverka planlegginga av Eurovision Song Contest.