Hopp til innhold

I dag må alle politifolk på vakt kunne bruke våpen

Politidirektoratet har innført nye krav i kjølvatnet av våpenkaoset som oppstod under trippeldrapssaka på Valdresekspressen i Årdal for snart eit år sidan.

Bevæpnet politi patruljerer Oslo S fredag

MÅ HA GODKJENNING: Alle politifolk som skal inngå i vakt og beredskap må frå i dag ha godkjenning for bruk av politiets våpen. Telemark politidistrikt har fått utsetjing.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Uklare instruksar førte til at den første patruljen rykka ut til bussdrapet i Årdal utan våpen. Den eine av dei to politibetjentane i patruljen hadde ikkje godkjenning for bruk av våpen, noko som gjorde at dei ikkje tok det med seg på veg til åstaden.

Frå og med i dag får ikkje politifolk utan våpengodkjenning lov til å inngå i vakt og beredskap ute i politidistrikta. Eitt politidistrikt har fått utsetjing.

Halvparten har brukt politifolk utan godkjenning

Politiet i Sogn og Fjordane måtte tole krass kritikk etter trippeldrapet i Årdal i starten av november i fjor. Den første politipatruljen hadde ikkje lagra våpen i bilen, sjølv om dette vart eit krav 1. oktober i fjor, ein månad før trippeldrapet.

Politidirektoratet stadfesta i ettertid av trippeldrapet at det ikkje var utarbeidd sentrale retningsliner. Dei sendte kort tid etter ut eit brev til alle politidistrikta der dei presiserte at alle som har våpengodkjenning skal ha med våpen i bilen, såkalla framskutt lagring, sjølv om patruljen også består av tjenestepersonar utan godkjenning.

15 av 27 politidistrikt har sidan trippeldrapet brukt politifolk som ikkje har lov til å bære våpen i vakt og beredskap. Det viser ei undersøking som Politidirektoratet gjorde tidlegare i år. Dei kom fram til at 155 polititjenestepersonar med status som innsatspersonell kategori 5 (IP5) har inngått planlagt beredskapstjeneste, viser dokument NRK har fått tilgang til.

Innsatspersonell i politiet

IP1

Tjenestepersonar frå Beredskapstroppen (Delta)

IP2

Tjenestepersonar i livvakttjeneste

IP3

Tjenestepersonar med ekstra opplæring, og som unngår i uttrykkingseiningar (UEH) ute i distrikta

IP4

Ordinær opplæring og godkjent for bruk av våpen. Alle som går ut frå Politihøgskolen har denne godkjenninga. Må gjennomgå 48 timar trening årleg for å vedlikehalde godkjenninga.

IP5

Tilpassa opplæring, men er ikkje godkjent for å bruke våpen

Telemark politidistrikt har fått utsetjing

«IP5 er ikke oppsatt med nødvendig utstyr og de er ikke godkjent til å løse de skarpeste oppdragene, soe som kan sies å være dimensjonerende for hva første patrulje på stedet skal kunne løse,» skriver Politidirektoratet i eit brev til alle politimeistrane.

Hovudvernombodet i politiet, Audun Buseth, har fleire gonger vore i kontakt med Politidirektoratet i denne saka for å få avskaffa bruken av politifolk med IP5-godkjenning i vakt og beredskap.

«Bruken av IP5 til vakt og beredskap kan medføre ulykkes- og helsefare. På oppdrag og hendelser som normalt medfører bevæpning vil det foreligge umiddelbar fare for arbeidstakerens liv og helse,» skreiv han i eit brev til politidirektøren før jul i fjor.

Ifølgje Politidirektoratet er Telemark politidistrikt det einaste politidistriktet som framleis får bruke IP5-mannskap i tida som kjem. Dei har fått utsetjing til 1. januar 2015.

AKTUELT NÅ