Hopp til innhold

Politiskytinga på Grønland: «Patruljen gikk mot adressen med skjold»

Politimannen som skaut ei kvinne (39) i Oslo i september, skaut ho «da hun var 1,5-2 meter fra patruljen», ifølgje ein intern politirapport som NRK har fått tilgang til.

Politiskyting Grønland - faksimilie av politidokument

POLITIRAPPORT: Ei 39 år gamal trebornsmor vart skoten av politiet på Grønland i Oslo i september. I ein politirapport står det at guten kom «ut fra oppgangen i stor fart» og at «rett bak kom en kvinne med kniv».

NRK har fått delvis innsyn i ein politirapport som skildrar delar av det som skjedde på Grønland i Oslo 18. september i år.

I rapporten står det:

«Patruljen gikk mot adressen med skjold, publikum pekte ut riktig sted. Da patruljen var ca 5–6 m fra oppgangen kom en gutt på 5–8 år ut fra oppgangen i stor fart. Rett bak kom en kvinne med kniv.»

«Ba henne stå i ro»

Rett etter hendinga gjekk politiet ut og sa at dei skaut kvinna fordi ho «var i ferd med å hugge mot et barn med kniv». Før helga melde Aftenposten at kvinna «agerte mot politiet», og at det var det som var grunnen til at politiet brukte våpen.

Laster Twitter-innhold

Om lag halvparten av politirapporten som NRK har fått innsyn i, er sladda av Politidirektoratet, fordi dei meiner resten av opplysningane er teiepliktige. Rapporten er signert av Oslo-politimeister Hans Sverre Sjøvold, og datert 28. september – ti dagar etter hendinga.

Kort tid etter at politipatruljen fekk auge på guten og kvinna, skal dei ha tatt opp pistolane sine og retta dei mot ho. I den offentlege delen av rapporten står det ingenting om kvar guten var på dette tidspunktet, men det står følgjande:

«De (politiet, journ.mrk.) identifiserte seg og pekte på henne med våpen og ba henne stå i ro.»

Vidare i rapporten står det:

«Da hun var 1,5-2 meter fra patruljen ble ett skudd avfyrt. Kvinnen ble truffet.»

Forsvarar for kvinna, Odd Ivar Grøn, meiner rapporten syner at politiet hadde andre handlingsalternativ. Politiet seier dei ikkje kan kommentere saka.

«Dette er en innberetning om bruk/trussel om bruk av skytevåpen politiet gjør til Politidirektoratet etter en hendelse. Saken etterforskes hhv av Follo politidistrikt og Spesialenheten for politisaker. Vi må derfor avvente resultatet av etterforskningen, og kan ikke kommentere dette nærmere per nå», skriv Oslo politidistrikt til NRK.

Utdrag frå politidokumentet:

Politiskytinga på Grønland

«ETT SKUDD AVFYRT»: I politirapporten, som er sendt frå Oslo politidistrikt til Politidirektoratet, kjem det fram at politiet skaut kvinna med eitt skot.

«Meldte om dame med kniv»

To personar skal ha ringt til politiet om kvinna med kniv før politiet kom til staden, men det er uvisst kva innringarane sa. Ifølgje politirapporten NRK har fått tilgang til, står det at patruljane fekk følgjande informasjon:

«Operasjonssentralen melde om dame med kniv».

Det står ingenting om drapsforsøk og truslar mot åtteåringen.

Politiet fekk første melding klokka 17.14. Skotet vart registrert i politiets vaktjournal 17.20, men politiet har ikkje gitt NRK innsyn i tidspunkt for når patruljane kom til staden.

Kvinna sikta og varetektsfengsla

Kvinna som vart skoten av politiet er sikta for drapsforsøk mot den åtte år gamle guten og for forsøk på vald mot offentleg tenestemann. Ho låg i kunstig koma etter hendinga med moderate skader. Ho er no varetektsfengsla.

Lagmannsretten slo fast at trebarnsmora var «svært ustabil» og at ho hadde «lav impulskontroll» då hendinga skjedde.

Kniven kvinna hadde er ifølgje Aftenposten ein tomatkniv.

Les kva Oslo politidistrikt og forsvararen seier.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger