Hopp til innhold

PST-sjefen mistenkjer framande makter

– Eg er ikkje overraska dersom det viser seg at framande makter står bak overvaking av mobiltelefonar i Noreg, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland.

PST-sjef Benedicte Bjørnland

PST-sjefen Benedicte Bjørnland var tilbakehalden då ho fekk spørsmål om kvifor det er Aftenposten og ikkje PST som avslører ulovleg overvaking av mobiltelefonar i Oslo.

Aftenposten avslørte fredag at hemmeleg, avansert spionutstyr som overvakar mobiltelefonar er plasserte utanfor Stortinget, regjeringskontora og statsministerbustaden.

Spionutstyret er av typen falske basestasjonar (sjå faktaboks) som kan overvaka all mobilaktivitet i området der dei er plasserte. Dermed står både toppolitikarar og tilfeldig forbipasserande i fare for å bli råka.

Sjefen i Politiet si tryggingsteneste (PST) vurderer det som sannsynleg at utanlandsk etterretning står bak overvakinga.

– Dette er urovekkjande informasjon. Eg er ikkje overraska dersom det skulle visa seg at framande makter står bak utplassering av ein eller fleire basestasjonar i Noreg, seier sjefen for Politiet si tryggingsteneste (PST) Benedicte Bjørnland laurdag ettermiddag.

– Me er svært sårbare

Ifølgje Bjørnland har PST gjentekne gonger åtvara styresmaktene om at Noreg er utsett for denne typen kriminalitet.

– Me er svært sårbare når me snakkar i mobiltelefon. Norske politikarar kan ikkje ta det med ro. Dette har me påpeikafleire gonger overfor både tidlegare og noverande regjering. Me har tilrådd at ein brukar krytperingsprogram eller unnlet å snakka om sensitive saker på mobil, påpeikar ho.

På spørsmål om kvifor det er Aftenposten og ikkje PST som avdekkjer overvakinga, svarar PST-sjefen at dei kontinuerleg jobbar for å førebyggja spionasje. Kva slags førebyggjande arbeid det dreier seg om, vil ho ikkje utdjupa.

– Eg synest det er for tidleg å konkludera om tryggleiken på bakgrunn av Aftenposten sine undersøkingar. Eg er glad for at NSM (Nasjonalt tryggingsorgan, journ.merk) no har gjort eigne søkingar. Dei kjem med ein rapport og då skal me setja oss ned med dei og sjå på materialet, uttalar Bjørnland.

Se også NRKs ekstra sikre tipskanal

(Artikkelen held fram under biletet)

Montasje Overvåking

Aftenposten sine avsløringar viser bruk av mobilovervakingutstyr blant anna ved Stortinget (øvst til venstre), statsminister Erna Solberg sitt kontor, og ved statsministerbustaden.

Foto: NRK/Scanpix

Solberg vil straffa ulovleg overvaking

Oslo politidistrikt og Politiet si tryggingsteneste (PST) har sidan gårsdagens avsløring peika på kvarandre som ansvarleg for å etterforska saka og kommentera den i media.

Problemet er at ein førebels ikkje veit kven som har plassert ut spionutstyret i Oslo. Dersom det er privatpersonar som står bak, er det politiet sitt ansvar å etterforska. Er det spionverksemd retta mot nasjonale interesser, er det PST sitt bord.

Falske basestasjonar er ulovlege å selja til privatpersonar i Nato-land. I Noreg er det berre PST, Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og politiet som har lov til å bruka slikt utstyr. Alle tre har avkrefta at spionustyret tilhøyrer dei.

Ifølgje ekspertar er det berre ressurssterke organisasjonar som kan bruka denne typen avansert overvakingsutstyr.

Justisministeren kallar overvakinga «fullstendig uakseptabel» og statsministeren varslar straff for dei som eventuelt måtte stå bak ei slik ulovleg overvaking.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger