Hopp til innhold

Sivile rømmer frå Mosul gjennom fluktruter

Irakiske regjeringsstyrkar har opna fluktruter for sivile i gamlebyen i Mosul. Der er fleire hundre tusen menneske fanga i kamphandlingane.

Fluktrute Mosul

FLUKT: Kvinner og barn la på sprang då irakiske styrkar opna ruter slik at sivile kunne flykte frå Mosul.

Foto: Azad Lashkari / Reuters

Folk er slitne, redde og svoltne, men gleda er stor over å endeleg stå utanfor bymurane, melder Reuters, som har snakka med fleire av dei som har flykta.

Sivile har forlate gamlebyen i Mosul i ein jamn straum laurdag føremiddag. I løpet av ein periode på 20 minutt sleppte rundt 100 personar ut.

Fluktruter

Irakiske styrkar har kjempa ein lang kamp mot IS for å prøve å ta tilbake kontrollen over Mosul.

I dag opne dei fluktruter ut av byen, slik at fleire av menneska som har vore fanga i kampane fekk sleppe ut.

Blant dei 100.000 menneska som truleg er i gamlebyen, er halvparten barn som oppheld seg i ruinar og kaos, medan lagra av mat og medisinar minkar.

Ifølgje FNs koordinator for humanitære saker i Irak, Lise Grande, er kampane intense. Ho fortel at fleire tusen, kanskje så mange som titusen menneske vert haldne som menneskelege skjold av IS.

– Fleire hundre sivile, inkludert barn, blir skotne og drepne, skriv ho i ei pressemelding.

Sakte framgang

På grunn av intens motstand rykker regjeringsstyrkane svært langsamt fram mot IS i gamlebyen i Vest-Mosul. Byen har tronge gater, og folk bur svært tett.

Moske Mosul

RUINAR: Dette er det som står att av det skeive minaret på al-Nouri-moskeen etter at IS øydela den.

Foto: AFP

Tidlegare denne veka sprengde IS-ekstremistane den gamle og kjende al-Nouri-moskeen, der Abu Bakr al-Baghdadi først proklamerte den såkalla Islamske staten i 2014.

Offensiven mot den vestlege delen av Mosul starta i februar, rundt ein månad etter at den austlege delen av byen var fridd. Styrkane håpar å ha fått kontroll over heile Mosul innan slutten på ramadan, som er om få dagar.

SISTE NYTT

Siste nytt