Hopp til innhold

Slik gjorde vi det

NRK har kartlagt bakgrunnen til 45 framandkrigarar. Slik har vi jobba.

I følge PST har rundt 60 personar reist til Syria for å slutte seg til ekstreme grupper. Vi kjenner identitieten til 50 av dei.

I denne kartlegginga har vi også tatt med framandkrigarar vi kjenner til som har slutta seg til al- Shabaab og al- Qaida. Vi har sett på bakgrunnen til tilsaman 45 personar. Dei fleste har reist til Syria.

Vi har sentralt plasserte kjelder som stadfester at desse 45 personane har reist.

Målet har vore å finne bakgrunnen deira og korleis dei levde i Noreg før dei reiste. Vi har jobba med å finne ut kor mange som har fullført vidaregåande, om dei har hatt inntekt, kor mange som er straffedømde, tilknytninga deira til Noreg, og kva etnisk bakgrunn dei har.

Dei som var i Noreg i under eit år før dei reiste har vi valt å ikkje ta med i denne kartlegginga. Det fordi det er for kort tid til å seie noko om bakgrunnen deira i Noreg.

Inntekt

Vi har valt å bruke inntekta dei hadde det siste heile året dei var i Noreg. Det fordi vi meiner det er misvisande å bruke inntekta det året dei reiste. Nokre kan til dømes ha reist tidleg på året. For å finne inntekta deira har vi brukt skattelistene. Dei vi ikkje har funne svar på, har vi plassert i ein eigen kategori. Dei som var skulelevar det siste året før dei reiste har vi plassert i ei eiga gruppe, fordi det ikkje er å forvente at dei skulle ha inntekt.

Straffa eller ikkje straffa

Vi har samla inn offentlege dommar for større og mindre lovbrot etter 2003. Nokre av personane har fleire dommar. Forenkla forelegg er ikkje med i kartlegginga.

Utdanning

Det er mange personar vi ikkje fann svar på om korvidt dei fullførte vidaregåande skule. Det betyr at fleire kan ha droppa ut enn vi veit om. På same tid kan fleire ha fullført. Det er difor vanskeleg å slå endeleg fast kor stor prosent som tok vidaregåande skule. Det vi veit er at 15 av 45 personar slutta på vidaregåande før dei var ferdige.

Det er vanskeleg å samanlikne desse tala med tal for befolkninga generelt. I følge tal frå Utdanningsdirektoratet har omlag 30 prosent ikkje fullført vidaregåande opplæring innan fem år. Desse tala gjeld frå 2008 til i dag.

Tilknytning til Noreg

Vi har valt å dele framandkrigarane inn i tre grupper når det gjeld tilknytning til Noreg. Dei som er fødd i Noreg, dei som kom hit då dei var under 18 år, og dei som kom hit då dei var over 18 år.

Etnisk bakgrunn

I Etnisk bakgrunn har vi valt ut folkegruppa dei tilhøyrer. Framandkrigarar som har foreldre med ulik bakgrunn blir til dømes kalla norsk-somalisk. Her har vi valt ut dei største gruppene. Resten har vi samla i ei gruppe i framstillinga.

Radikalisering og integrering

Kartlegginga gjev ikkje eit fullstendig svar på kor integrerte framandkrigarane var. Vi har heller ikkje undersøkt når dei vart radikaliserte. Det kan til dømes ha skjedd før ein person droppa ut av vidaregåande skule, eller etter.

Identifisering

Vi har valt å identifisere dei som er leiarskikkelsar, dei vi veit har vore med på å utføre terroråtak, og ein som står på USA si terrorliste.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger