Hopp til innhold

Solberg: – Tilsett folk med hol i CV-en

Erna Solberg (H) slår eit slag for psykisk sjuke i sin aller første nyttårstale som statsminister. Ikkje steng døra for psykisk sjuke som vil tilbake i jobb, er hennar oppfordring til norske arbeidsgjevarar.

Statsminister Erna Solbergs første nyttårstale.

– I åra framover vil regjeringa jobba for å styrkja det psykiske helsetilbodet. I dag er det ikkje godt nok. Det må bli enklare å få hjelp, seier Solberg i nyttårstalen sin.

Men privatpersonar og næringslivet må også gjera sitt for å førebyggja psykisk sjukdom og for å hjelpa dei som har det vanskeleg, meiner statsministeren:

– Eg vil oppfordra arbeidsgjevarar til å tilsetja fleire som har eit hol i CVen sin. Det finst mange kompetente og arbeidsvillige menneske som lengtar etter ein ny sjanse.

Kjem til lukka dører

Solberg viser til at mange som har hatt ein vanskeleg periode blir møtt med fordommar og skepsis når dei omsider tek fatt på jobbsøkinga.

– Nokre opplever at dører lukkar seg. Dei har fått eit hol i CVen. Det skapar ei dobbel påkjenning, seier ho.

Utfordringane psykisk sjuke opplever i møte med samfunnet er eit tema NRK har kasta lys over fleire gonger i løpet av 2013.

Kom i jobb

Anne Enge fekk hjelp til å koma i arbeid etter psykisk sjukdom, og trivst godt i jobben sin på Bodø Bakeri. I nyttårstalen sin oppfordrar Erna Solberg fleire arbeidsgjevarar til å gje psykisk sjuke arbeid.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Like før jul stod Anne Enge (27) fram og fortalde om tida etter at ho vart utskriven frå psykiatrisk. Gjennom prosjektet «Kom i jobb» i Bodø vart vegen til arbeidslivet kort for Enge, som blei teken fordomsfritt imot av Bodø bakeri.

– Eg har trua på at alle fortener ein sjanse. Ikkje ver så skeptiske. Ta sjansen og prøv. Det er jo ikkje verre enn at det ikkje fungerer, og då er det berre å prøva på nytt, er oppmodinga dagleg leiar ved Bodø bakeri, Bjarne Mosås, kjem med til andre arbeidsgjevarar.

Vil bryta ned tabuet

Om lag halvparten av nordmenn opplever psykiske plager eller lidingar i løpet av livet, ifølgje Rådet for psykisk helse. Sjølv om dette er ein av våre store folkesjukdomar, er psykisk sjukdom også sterkt tabubelagt.

I nyttårstalen sin ber statsministeren alle og einkvar ta ansvar for større openheit rundt psykisk helse.

– Det er lett å tenkja at me trengjer oss på om me tek kontakt med nokon som har det vondt, men det er ofte då dei treng oss aller mest, seier ho.

Særleg vaksne har eit ansvar for å førebyggja psykiske vanskar ved å ta tak i mobbing blant born og unge, ifølgje Solberg:

– Ein øydelagd barndom kan setja djupe spor. Ein god barndom varar heile livet.

I talen sin trekte Erna Solberg også fram behovet for å gje det norske kunnskapssamfunnet og lærarutdanninga eit lyft.

Ho hylla norske verdiar som skal feirast under grunnlovsjubileet i 2014 og retta ei stor takk til alle nordmenn som viar og risikerer liva sine i bistandsprosjekt eller operasjonar mot krig og terror i utlandet.

AKTUELT NÅ