Hopp til innhold

SV vil endre opptaket til høgare utdanning

Når du søkjer deg til høgare utdanning er det først og fremst gjennomsnittskarakteren frå vidaregåande som gjeld, dette gjer at ein mister talent, meiner SV.

Eksamen

RELEVANTE KARAKTERAR: SV vil vektleggje relevante karakterar når du søkjer høgare utdanning. Høgre og Venstre meiner det blir feil av politikarane å detaljstyre krava frå utdanningsinstitusjonane.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Denne veka kom resultata frå Samordna opptak. Rekordmange har søkt seg til høgare utdanning og aldri før har så mange fått avslag på plassen dei søkte seg inn på.

Det er med gjennomsnittskarakteren frå vidaregåande, samt eventuelle tilleggspoeng, du konkurrerer med andre om studieplass. No vil SV endre systemet slik at enkelte karakterar tel meir enn andre.

Nicholas wilkinson leder for Sosialistisk Ungdom

VIL VEKTLEGGJE KARAKTERAR: Niclas Wilkinson, førstekandidat frå SV, vil at berre relevante karakterar skal telje når du søkjer høgare utdanning.

Foto: Fayruz Sado

– I dag kan ein dårleg mattekarakter gjere at du ikkje kjem inn på psykologi. Vi meiner relevante karakterar bør telje mest. Då kjem du inn basert på evner og ikkje berre gjennomsnitt, seier Niclas Wilkinson, førstekandidat for SV i Akershus.

– Er ikkje allmennkunnskap viktig i alle studieretningar og yrke, også matematikk i psykologi?
– Jo, det er viktig. Derfor skal alle karakterar telje med, men skal du vere verdas beste musikar er det viktigare korleis du har gjort det i musikk enn norsk eller samfunnsfag.

Han meiner utdanningane kan gå glipp av fleire talent, fordi enkelte karakterar trekk ned snittet.

– Du kan vere veldig god i eit fag, men så får du ikkje studere det fordi snittet ditt øydelegg for deg.

Kva som skal avgjere kva karakterar som er viktig er derimot uklart frå SV.

NSO: Tverrfagleg kompetanse er viktig

Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Mats J. Beldo, meiner det vert for lett av Wikinson å fokusere berre på enkeltkarakterar.

– Skal du drive med psykologi for eksempel må du kunne matematikk for å rekne på statistikk. Allmennkunnskap og tverrfagleg kompetanse er viktig i dei fleste typar studiar og forsking.

Studentorganisasjonen er likevel for alternative opptakskrav, der institusjonane meiner det er hensiktsmessig.

Vil at studieinstitusjonane skal kunne setje krav

Venstre er delvis einig med SV i at systemet kunne blitt meir fleksibelt.

Iselin Nybø (V)

VIL IKKJE DETALJSTYRE: Utdanningspolitisk talsperson i Venstre, Iselin Nybø, meiner det ikkje er ei politisk oppgåve å styre karakterkrav.

– Mykje er basert på karakterar, eg er positiv til at institusjonane skal kunne vektleggje det dei meiner er relevant, anten det er erfaringar eller karakterar, seier Iselin Nybø, utdanningspolitisk talsperson i partiet.

Ho er likevel skeptisk til ei detaljstyring frå politikarane.

– Det er ikkje Stortinget si oppgåve å gå inn og vektleggje kva karakterar som er viktige i ulike fag.

– Men Venstre og regjeringa har jo gått inn for krav om karakteren fire i matematikk for å kunne bli lærar, er ikkje det ei detaljstyring?

– Akkurat på lærarstudiet har Stortinget valt å setje karakterkrav, fordi det har vore viktig å sikre gode lærarar, seier Nybø.

Kunnskapsministeren lovar meir fleksibilitet

Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er einig med Venstre i at det blir feil av Stortinget å avgjere kva karakterar som er viktig for ulike studieretningar.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

FLEKSIBEL: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil gjere det meir fleksibelt for institusjonane å setje eigne krav

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Eg er ikkje for eit nasjonalt system der det er ulike karakterar som gjeld. Opptakskrav er noko høgskular og universitet bør bestemme sjølv.

Han lovar likevel meir fleksibilitet enn dagens system legg opp til.

– Det skal bli enklare for utdanningsinstitusjonane å setje eigne krav der dei meiner det er riktig.

Men vekta på snittkarakteren vil han ikkje endre.

– Det vil framleis vere snittet frå vidaregåande som vil vere det viktigaste for å kome inn, seier ministeren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger