I fjor sommar gav Frp si velsigning til vedtaket om å leggja ned sjukehuset på Rjukan. For lokallaget i Tinn kommune var vonbrotet så stort at styret gjekk i protest.
Den tidlegare leiaren for Tinn Frp, Ronny Abrahamsen, er no glad for å høyra at distrikts-Frp tek opp kampen for lokalsjukehusa på partiet sitt landsmøte denne helga.
Sjølv opplever han sviket som for stort til å kunne venda tilbake til Frp.
– Føler oss skamlurte
– Alle kjenner alle her i bygda og me føler oss skamlurte heile gjengen. Eg stod på stand under valkampen og snakka varmt om at Frp vil ta vare på lokalsjukehusa, seier Abrahamsen.
Eks Frp`aren viser til Frp sin handlingsplan for 2013-2017, der det blant anna står at Frp ikkje kan støtta ei omfattande nedbygging av lokalsjukehusa og at «for å gje pasienten eit best mogleg tilbod (..) bør lokalsjukehus ha eit minimum av behandling som sikrar døgnkontinuerleg akuttberedskap».
– Det er det rake motsette som har skjedd her i Rjukan. Det er heilt på sin plass at distriktspolitikarane no gjer opprør, alt anna ville ha vore riv ruskande gale, seier Abrahamsen.
Vil stå på barrikadane
Namsos Frp er eit av fleire lokallag som no fryktar ein tilsvarande situasjon i sitt distrikt. Leiaren Stein Tore Wolff forstår at Abrahamsen ville ut av partiet etter sjukehus-nederlaget.
– Eg forstår han, men me vil kjempa for dette og stå på barrikadane. Me kan ikkje leggja ned lokallaget vårt i Namsos, seier Wolff som trur årets landsmøte blir tøft på grunn av kampen for lokalsjukehusa.
Etter at sjukehuset i Rjukan blei borte, må innbyggjarane i Tinn til Notodden for å få akutt hjelp. For dei som bur i ytterkantane av kommunen er reisevegen på om lag 15 mil.
– Får du blodpropp, hjartesvikt, slag – då er tida som tel. Ein ambulanse kan ikkje erstatta sjukehus, rasar Abrahamsen.
NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Frp sentralt om standpunkt når det gjeld lokalsjukehus og akuttkirurgi.