Norske styresmakter reknar med at mellom 30 og 40 nordmenn har reist til Syria for å kjempe med opprørarane. PST si største bekymring er at dei kjem heim som potensielle terroristar.
Robert Mood forsvarar Syria-fararane. Les meir på NRK.no
National Weather Service har sendt ut tornadovarsel for Texas. Innbyggjarar blir oppmoda til å søke ly, helst i ein kjellar eller under solide møblar, og å halde seg unna vindauge.
Bayern Munchen slo Borussia Dortmund 2-1 i meisterligafinalen i dag.
Tre menn i 20-åra er arresterte for å ha planlagt å drepe den britiske soldaten som blei brutalt drepen av to islamistar med kjøttøks på gata i London onsdag.
Ei kvinne i 70-åra hadde site død i bilen sin utanfor banken i Moelv i nesten eitt døgn før nokon oppdaga henne, skriv Østlendingen.
Om lag 2000 høgrevridde demonstrantar marsjerer i gatene i Newcastle i dag. Ifølgje demonstrantar protesterer dei mot muslimar, etter at ein soldat blei drepen på gata av to personar med kjøttøks onsdag. Det har vore samanstøytar mellom hissige demonstrantar og politi, skriv CNN.
Det blir meldt om aukande storm nær Victoria, Texas, og folk har observert tornadoar i området, melder Breaking Weather på Twitter.
Flaumen har nådd toppen i dei øvre delane, men vatnet vil halde fram å stige i dei store innsjøane og nedre delar av Drammenvassdraget og Glomma.
Det står 0-0 til pause på Wembley i kampen mellom Borussia Dortmund og Bayern München.
Statens Strålevern får lite eller dårleg informasjon om atomreaktorar ombord på allierte krigsskip på besøk i Noreg, skriv ABC Nyheter.
Politiet i Paris leitar etter samanhengar mellom knivstikkinga av ein soldat i Paris, og det brutale drapet på ein soldat i London tidlegare i veka. Les meir her.
Drapet på ein soldat på open gate i London har ført til ein stor auke i rapporterte angrep på muslimar i Storbritannia, skriv Sky News.
Ei fjernstyrt bombe som var plassert i eit militært køyrety tok livet av ein soldat og ein sivilist i Jemen. Seks andre soldatar blei skadde.
Politiet måtte stoppe bråkmakarar som gjekk til angrep på kvarandre med kjettingar før meisterligafinalen mellom Bayern Munchen og Borussia Dortmund. Les saka og sjå video her.
I kveld byrjar årets finale i Meisterligaen mellom Bayern München og Borussia Dortmund på Wembley. I dag har tyskarar laga stemning i London.
Tungt væpna maoistiske opprørarar har drepe 17 menneske, av dei fem politifolk og 12 lokale kongressleiarar, i eit bakhaldsangrep i eit avsidesliggande stammeområde sentralt i India.
Maoist-opprørarar skal ha drepe 17 personar i eit bakhaldsangrep sentralt i India, ifølgje politikjelder til nyheitsbyrået AFP.
VIDEO: For andre gong har ein familie i Kvam fått heimen sin øydelagd på grunn av flaum.
Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på tips@nrk.no