Hopp til innhold

Vegen mellom Bergen og Hardanger vert stengt i dagevis etter stort steinras

Hovudvegen mellom Bergen og Hardanger er uframkommeleg etter eit større steinras. Vegen vert stengt i fleire dagar. Arne Torvik frå Bergen var berre sekund frå å verta tatt av raset.

Steinras i Tokagjelet

KØYRDE INN I RASET: Arne Torvik frå Bergen var først på staden då raset gjekk i Snauhaugtunnelen sundag kveld. Mannen på biletet er sjåføren i ein tankbil som kom like bak. Saman sjekka dei to om bilar var tekne av steinmassane.

Foto: Arne Torvik

– Eg køyrde rett inn i det, raset må ha gått berre sekund før eg kom køyrande. Eg var i tunnelen og reagerte på at det plutseleg vart så mykje støv og dårleg sikt. Då sakka eg på farten, men eg klarte ikkje å stoppa, fortel Torvik, som var på veg frå Tørvikbygd til Bergen ved 22.45-tida sundag kveld.

SISTE: Vegtrafikksentralen opplysar til NRK at vegen vil verte stengd i fleire dagar medan opprydninga pågår.

– Vi har folk på staden no, som vurderar rasstaden. Det er venta at vi i får beskjed i ettermiddag om kor lang tid det vil ta. Uansett er det snakk om fleire dagar, seier vaktoperatør Idar Sangolt i Statens Vegvesen til NRK.

– Ein vegg av stein

Raset gjekk i munninga på Snauhaugtunnelen i Tokagjelet på fylkesveg 7 mellom Norheimsund og Kvamskogen. Ifølgje politiet har ei stor steinblokk rast ned i vegbana ved ein av dei fire tunnelane på strekninga.

– Heile tunnelopninga var sperra av ein vegg av stein. Eg kunne høyra at det framleis raste ute, fortel Torvik.

Han rygga ut av tunnelen, fekk varsla naudetatane og stoppa ein tankbil. Dei to sjåførane gjekk så heilt fram til raset for å sjå om nokon var tekne av steinmassane.

– Me kunne ikkje sjå teikn til bilar i raset. Etterpå fekk eg høyra av politiet at delar av vegbana mellom tunnelane var vekke, seier Torvik.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Steinras i Tokagjelet

INGEN TEKNE AV RASET: Brannvesen og ambulansar kom raskt til staden, men ingen skal ha vorte tekne av raset.

Foto: Arne Torvik

– Ingen tekne av raset

Brannvesenet var seint sundag kveld i området for å få kontroll på situasjonen.

– Den nedste tunnelen er sperra, me har no entreprenør på veg for å sperra vegen i begge endar, sa Ronny Karlsen som er vaktoperatør ved 110-sentralen i Bergen til NRK.

Brannmannskap frå Tysse i Samnanger og Norheimsund i Kvam var då på plass for å få oversyn over situasjonen.

– Me har ikkje fått melding om at nokon skal ha vorte tatt eller vorte sperra inne av raset, seier Karlsen.

Heilt uframkommeleg

Teknisk sjef i Kvam herad Hogne Høysæter seier vegen ikkje vert opna at før geologen har vore på staden, tidlegast måndag morgon.

– Det har gått eit stort ras og situasjonen er uoversiktleg. Akkurat no veit me ikkje stort meir enn at vegen er heilt uframkommeleg seier Høysæter.

Steinras i Tokagjelet

KAN VERTE STENGD I FLEIRE DAGAR: Geologar skal no undersøke rasstaden.

Foto: Arne Torvik