Hopp til innhold

– Festvaldtektsmenn har valdteke før

Mange menn som blir melde til politiet for festrelaterte valdtekter er allereie registrert for tidlegare valdtekter. – Valdtekter på fest er sjeldan ei misforståing, men ein bevisst strategi, seier forskar.

Vattpinne for DNA-prøve fra person

FLEIRE VALDTEKTER: Valdtektsgruppa til Kripos skal vere eit overordna ekspertorgan for alle politidistrikta i landet. Dei registrerer alle valdtekter som blir meldt til politiet, og ser at nokre dukkar opp i registera fleire gongar.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Kripos har registrert 653 politimelde festrelaterte valdtekter dei siste tre åra. Dette er valdtekter som gjerne skjer i samband med fest eller nachspiel.

12 prosent av dei som er politimelde for festrelaterte valdtekter er også melde for andre valdtekter.

– Nokre har mange saker

– Dei har alt frå tjue saker til to. Nokre har mange, nokre eit lite tal, seier Lena Reif, leiar for seksjonen for seksuallovbrot i Kripos.

– Det vil sei at dei kan bevisst utnytte fulle eller sovande jenter på fest.

Lena Reif

Lena Reif, leiar for seksjonen for seksuallovbrot i Kripos.

Foto: KRIPOS

Det er ei klar opphoping av psykiske problem hos personar som har opplevd vald eller valdtekt, viser ein studie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

NRK gått igjennom dommar der menn er dømt for valdtekt på fest.

Dom i Høgsterett 2013:

"Han fekk sædavgang og brukte ikkje kondom. Fornærma hadde ein tampong skjeden. På grunn av søvn og beruselse var ho ute av stand til å sette seg imot den seksuelle omgangen."

Dom i Høgsterett 2014:

"Det forhold at ho ikkje bevegde seg eller gjorde motstand, kan ikkje sjåast som eit samtykke."

Dom i Høgsterett 2013:

"Ho vakna ca. klokka ni av at han låg over henne i senga. Han hadde då dratt opp kjolen, tatt av henne trusa og hadde penis inne i hennar skjede"

– Ikkje misforståing

Jim Aage Nøttestad, seniorforskar ved St. Olavs Hospital i Trondheim, trur fleire enn 12 prosent av dei som valdtek på fest har valdteke før.

– Har ein gjort dette ein gong har ein gått over ei grense, og då er det sannsynleg at dei gjer det igjen. Dette er ein strategi for å skaffe seg seksuell omgang, så det er ikkje ei misforståing over eit nei.

Han seier at det finst lite forsking på mennene som valdtek på fest, og viser til to amerikanske undersøkingar.

– Det vi veit om menn som valdtek venner eller kjenningar er menn som har starta sitt seksualliv tidlegare enn andre. Dei har større seksuell erfaring. Dette er menn som er hyggelege, til dømes spanderer drinkar, køyrer jenter til og frå, og forventar å få noko igjen.

Nøttestad seier at det er for lite forsking her i landet til å vite om dette er representativt her.

–Må melde til politiet

Valdtektsgruppa til Kripos skal vere eit overordna ekspertorgan for alle politidistrikta i landet. Dei registrerer alle valdtekter som blir melde til politiet. Slik har dei sett at nokre er gjengangarar. Dei dukkar opp i registera fleire gongar.

– Vi veit at mørketala er store, og ein liten del av valdtektene som faktisk skjer blir melde til politiet. Om vi får ei ny melding kan vi få viktig informasjon som til saman kan gje høg oppklaringsprosent, seier Reif.

Førti prosent av alle politimelde valdtekter er festrelaterte valdtekter.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger