Hopp til innhold

Kåre Willoch er 80 år

"Alle" kjenner tidlegare statsminister Kåre Willoch som i dag blir 80 år. Men kva Willoch-episode hugsar du best? NRKnyheter.no har spurt nokre av dei som har hatt med Willoch å gjere opp gjennom åra.

Kåre Willoch

Kåre Willoch

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Send inn din gratulasjon nederst i saka.

Nett-TV: Willoch-kavalkade

Erna Solberg
Foto: NRK

Høgre-leiar Erna Solberg:

- Det er før eg var aktiv i rikspolitikken, men det eg hugsar best er perioden då Kåre Willoch var statsminister, og tida etter dette.

Samkjøringa mellom han og Erling Norvik var ein måte å jobbe på i partiet som var svært vellukka.

Willoch har vore den moderate konservatismens fremste fanebyggjar. Noko av det viktigaste han har stått for er at ein alltid skal styre på ein måte som skaper tryggleik for folk.

Erna Solberg nyttar høvet til å gratulere med dagen frå heile Høgre.

- Vi ser fram til dei neste 25 åra, der vi reknar med at han kjem til å delta like aktivt i samfunnsdebatten som hittil, seier ho.

Reiulf Steen
Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Tidlegare Ap-leiar og statsråd Reiulf Steen:

- Noko av det eg hugsar best er talen Kåre Willoch heldt i eigenskap av statsminister under jubileet for innføringa av parlamentarismen i 1984. Då var han meir atterhalden enn dei andre talarane. Det har eg kome til må vere fordi det jo var i kampen mot parlamentarisen at partiet Høgre blei danna.

Der stod Willoch for det eg vil kalle ei omgåing av fakta, ved å seie at Høgre valde ei anna form for parlamentarisme. Sanninga er at dei var imot alle former.

Også Steen gratulerer med dagen. - Kåre Willoch er ein person eg har svært stor respekt for.

Kristin Clemet
Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Kristin Clemet:

- Eg vil seie valsigeren i 1981, og alle bileta som då blei tekne av han med alle blomane.

Det var eit vendepunkt for landet, der vi gjekk frå ein planøkonomi som hadde rotna på rot til eit opnare samfunn med liberalisering og mangfald. Då blei det gjennomført reformer som ingen, ikkje eingong SV, har prøvd å reversere i etterkant.

- Gratulerer med dagen! Ein meir vital samfunnsdebattant skal ein leite lenge etter, seier Clemet, som saman med Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle nyleg har gitt ut "Kåre Willoch, et debattskrift".

Der har dei samla ei rekkje bidrag om ulike sider ved Willochs virke. Mellom bidragsytarane er Kåre Valebrokk, Valgerd Svarstad Haugland og Frederic Hauge.

Olav Gran-Olsson
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Dagsrevy-journalist Olav Gran-Olsson:

- Den dagen eg hugsar best med Kåre Willoch, var den dagen han blei styrta som statsminister, om kvelden den 25. april 1986. Eg trur ikkje at han eigentleg rekna med det. Eg trur han til det siste trudde at Frp ikkje ville følgje dei andre partia.

Elles er det også den dagen han blei statsminister, etter valet i september 1981. Eg ser enno for meg då han gjekk frå Fjernsynshuset med famnen full av blomar.

Eg vil seie gratulerer med dagen, og håper at du lever like lenge som Haakon Lie!

Kåre Willoch og Gro Harlem Brundland.

Historisk regjeringsskifte: Påtroppande statsminister Kåre Willoch tek imot nøkkelen av avtroppande statsminister Gro Harlem Brundtland.

Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

AKTUELT NÅ