Kirken forlanger oljestans i nord

Miljøtalskvinne i SV, Inga Marte Thorkildsen tek i mot ei vekkerklokke frå biskop Tor B. Jørgensen.
Foto: Hans Erik Weiby /NRK- Eg håpar vi får det til, ikkje aleine, men saman med andre, seier biskop Tor B. Jørgensen som deler ut vekkerklokker til stortingspolitikarane.
Publisert 17.02.2009 14:24. Oppdatert 17.02.2009 16:08.
- Kommentarer
- Skriv ut
Den norske kyrkja krev full oljestans i fem år.
Utanfor Trefoldighetskirken i Oslo står ei gruppe kristne og syng. Dei har med seg ein modell av ein oljeplattform med eit forbodsskilt over, og plakatar med bilder av fattige i den tredje verda som blir råka av klimaendringar.
LES ÒG: - Våkn opp i oljesaken


Kristine Hovland
Foto: Hans Erik Weiby/NRK- John frå Kenya seier at klimaendringane gjer det stadig vanskelegare å leve av jordbruk. Vi har ingenting å ete, og ingenting å selje, siterer prosjektleiar for global info i Norges kristne råd Kristine Hovland frå ein av plakatane.
Krev fem års tenkjepause
Kyrkja meiner at Noreg ikkje kan leite etter meir olje og samtidig ta til orde for ei streng ny klimaavtale. Biskop Tor B. Jørgensen i Sør-Hålogaland vil ha fem års tenkjepause i utdelinga av oljeblokker på norsk sokkel.
For mange i Nordland er dette å banne i kyrkja, men biskopen står på sitt.
- Det ein har bede om, og her står mange kyrkjesamfunn saman om dette, det er ein fem års tenkjepause for oljeleiting i Lofoten og Vesterålen. Dette er veldig sårbare område, det gjeld ressursane som allereie er der frå naturen si side, altså fiskeria ikkje minst, og det gjeld klimaet generelt, seier Jørgensen.
I ryggen har biskopen Den norske kyrkja, Noregs kristne råd, Kirkens Naudhjelp og Changemaker, som er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Naudhjelp.
- Vi ønsker å være føre var, og vil be om en tenkepause på fem år.
NETT-TV: Er Gud mot oljeboring?
Tenkjer langsiktig
Direktør i Kyrkjerådet Jens Petter Johnsen tek mikrofonen for å lansere Den norske kyrkja si langsiktige miljøsatsing som skal vare i ti år.
- Vi har sett oss eit stort mål: ei endring i kyrkje og samfunn i løpet av ti år. Ikkje berre nasjonalt, men internasjonalt, seier Johnsen.
- Som kyrkjer skal vi ikkje ta partipolitisk stilling, men vi vil halde fram vårt felles ansvar som kyrkje og samfunn for å hindre at Noreg ikkje skaper klimaendringar som ikkje minst verdas fattige lider under. Så ynskjer vi å gi politikarane ryggdekning for dei modige vala som må takast, legg han til.
- Noreg når ikkje måla
- Statens Forurensingstilsyn har påpeikt at regjeringa sitt forslag til omfang av tildelingar av nye oljefelt vil gjere det vanskeleg for Noreg å nå måla i klimaforliket, seier leiar Ida Thomassen i Changemaker.
- Dei fattige landa krev rettmessig at dei rike landa går foran. For Noreg sin del betyr det mellom anna å kutte utsleppa frå oljeindustrien. Fem års moratorium for tildeling av nye leiteblokker på norsk sokkel er eit svært godt og naudsynt tiltak, seier Thomassen.

Med ei gigantisk oljeplattform som illustrasjon går biskop Tor B. Jørgensen fyrst i ei prosesjon frå Trefoldighetskirken i Oslo til Stortinget.
Foto: Hans Erik Weiby/NRKEtter bøner og song tek biskopen med seg hopen sin og går i samla flokk til Stortinget.
- De politikarar lever av dagens politikk. Men vi ber dykk om å sjå stort påansvaret dykkar. Vi er ei sårbar jord, seier Tor B. Jørgensen til politikarane.
Deler ut vekkerklokker
Biskopen tek deretter fram svarte vekkerklokker som han deler ut til energipolitikarane på Stortinget.
- Dette er ei vekkarklokke. Kvart på seks står det her, så det er på tide å stå opp og ta utfordringane på alvor, seier Jørgensen til Inga Marte Thorkildsen (SV).
- Eg kan love at SV vil gjere alt det vi kan for å verne desse områda, svarer Inga Marte Thorkildsen.
LES ÒG: Kirken vil ha stans i oljeleting
Både SV, Senterpartiet, Venstre og KrF er enige i at oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen ikkje bør skje no. Men Høgre er usamde i kravet om ein fem års tenkjepause.

Meiner kyrkja bommar
- Det er eit dårleg krav. Norsk gass er ein del av Europas klimautfordring ved at den fortrenger kolkraft. Og gass er betydeleg betre enn kol. Vi må fokusere på norsk fornybar energi, der vi har eit kjempepotensiale, seier Peter Gitmark (H), som meiner ein ikkje berre kan slå av og på oljeindustrien slik kyrkja vil.
- Følgjene vil vere massive problem for heile industri-Noreg. Vi vil sjå at vi mistar arbeidsplassar, seier Gitmark.
NETT-TV: Høyre er ikkje enig med kyrkja
Venstre meiner Høgre er kortsiktige. Venstre syns fem år er for lite, og vil heller gjere Lofoten og Vesterålen om til nasjonalparkar til havs. Dermed går partiet lenger enn Den norske kyrkja.
LES ÒG: Oppfordrer til masseutmelding av kirken
- Dette er viktige område langs kysten som er avgjerande for fisk og livet i havet. Venstre har sagt at vi vil ha eit varig vern av områda utanfor Lofoten og Vesterålen, seier Odd Einar Dørum (V).
Kva synest du, bør kyrkja ta del i klimadebatten?
(NRK)Olje og gass
- Advarer Jens mot russisk rulett
- Frykter utdaterte oljeplattformer
- Ukraina vil ha ny gassrørledning
- Store olje-oppdrag til Trondheim
- Statoil-avtaler for 49 milliarder
- 200.000 jobber i oljebransjen
- Krever stans i boring på store dyp
- Viktig funn nord for Mikkel-feltet
- Fant gass og olje ved Kristiansund
- Lavere inntekt for Petoro
- – Skuffende, men forutsigbart
Klima og miljø
- Varmere hav dreper plankton
- - Oppvarming er «ubestridelig»
- 2010 er det varmeste året
- Stoltenberg vil ha nye flyavgifter
- Nye CO2-boringer på Svalbard
- Forandra klimaet for 15000 år siden
- Klimaforskere renvasket
- Ingen økning i klimagassutslipp
- Snart blir stanken mindre ved Esval
- Redder miljøet ved å stille klokka
- Mer metangass i atmosfæren

Ap var skeptiske til klase-forbud
Veibomber stadig mer truende