Hopp til innhold

Stilte spørsmål ved lønna: – Vi kunne reise heim om vi ikkje likte det

Då dei fire rumenarane på jobb i Norge spurde bemanningsbyrået om lønna dei skulle få var riktig, fekk dei beskjed om at dei kunne reise heim om dei var misnøgde, seier dei.

Rumenske arbeidarar i Oslo

Dei fire rumenarane har spurte om jobb mange stader i Oslo i år.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Fire rumenarar er i Noreg for å få jobb. I Oslo denne gongen. Men dei ville helst jobbe i Vesterålen, der dei jobba i fjor.

– Dei ringte oss ikkje i år. Kanskje dei ikkje ville ha oss der, seier Stoichescu Bogdan.

I januar i fjor kom dei til Nord- Noreg for å jobbe på fiskemottak. Men dei oppdaga at betingelsane ikkje var som dei hadde trudd.

– Vi vart ikkje behandla så bra når det gjaldt lønna, seier Richard Szutter.

Dei hadde avtale om 152 kroner timen, men i ein samtale med Jørn Skaret i bemanningsbyrået JM Skaret, fekk dei forklart at dei skulle få 135 kroner timen.

Arbeidsministeren tar avstand fra det han kaller cowboy-virksomhet i fiskeindustrien.

– Var ikkje avtalen

I skjul tok dei opp samtalen. Dei seier det var for å finne ut om det dei fekk fortalt var sant.

– Han sa noko sånt som at vi kunne reise heim om vi ikkje likte det. At det var mange andre som ville jobbe der, seier Bogdan.

Då dei fekk den første lønnslippen såg dei at det mangla pengar. Fagforeininga tok det opp, og dei fekk etterbetalt neste månad.

– Vi kan ikkje klage, det er gode pengar. Men det var ikkje avtalen.

Dei fire hadde ikkje hell i med jobbjakta i år. I morgon har dei bestilt flybillett tilbake til Romania.

Tek avstand

Kristian Klo er økonomisjef hos Gunnar Klo AS, bedrifta som leigde inn rumenarane via JM Skaret. Han seier at dei ikkje stiller seg bak det Jørn Skaret sa i opptaket.

– Gunnar Klo AS har i sin snart 100-årige historie vore opptatt av at det vi driv med skal vere i ærlege og redelege former, seier Klo.

– Avlønning har vore gjort etter tariffsatser som bedrifta er plikta å følgje. Timar er oppgjort etter faktisk arbeid. Vi brukar stemplingsur der det har vore full åpenheit om timetal både til Arbeidstilsynet og tillitsvalde. Dessverre vart det feil på omtalte januarlønning, men dette vart retta opp i påfølgande lønning.

– Misforståing

Verken dagleg leiar i JM Skaret, Astrid Klo, eller Jørn Skaret ønskjer å bli intervjua av NRK.

Jørn Skaret skriv i ein epost til NRK at han beklagar overfor dei tilsette og bedriften at han i lydopptaket foreslo lågare løn enn avtalt, og at det var basert på ei misforståing. Han seier at det han sa i opptaket aldri vart gjennomført.

Dagleg leiar i JM Skaret, Astrid Klo, skriv at det var ein feil i eit rekneark som førte til at arbeidane fekk løn for færre timer enn dei hadde jobba i januar. Ho avvise at JM Skaret har prøvd å kamuflere arbeidstimar.

Astrid Klo skriv vidare at arbeidarane ikkje fekk komme tilbake på grunn av hærverk. Det avviser både arbeiderne og tillitsvalgte i bedriften.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no