Hopp til innhold

Cameron: Hamas har fått tilbod om våpenkvile i 40 dagar

Israel har kome med eit tilbod om våpenkvile i 40 dagar, mot at Hamas set fri dei israelske gislane, seier Storbritannias utanriksminister David Cameron, ifølge Reuters.

– Eg håper Hamas takkar ja til denne avtalen, sa han i samband med eit møte under Verdas økonomiske forum i Riyadh i Saudi-Arabia måndag.

Vestlege og arabiske toppolitikarar er samla i Saudi-Arabia for å diskutere ei våpenkvile og gisselavtale mellom Hamas og Israel.

USA, Egypt og Qatar har prøvd å mekle fram ein avtale sidan januar.

Ein delegasjon frå Hamas er måndag i Kairo i Egypt for å snakke med meklarar og svaret på det israelske forslaget. Ei høgtståande Hamas-kjelde skal søndag ha sagt at gruppa er positiv til forslaget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no