Samtidig understrekar kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i If skadeforsikring at det vil ta lang tid før sluttsummen for årets flaumerstatningar er klar.
– Dette kjem til å stige monaleg dei nærmaste dagane. Vi er på langt nær ferdig med denne situasjonen, og fleire stader, blant anna i Mjøsa og Øyeren og nedover i dei store vassdraga, vil vatnet truleg halde fram med å stige, seier Clementz til NTB.
Selskapet hans har fått inn 250 skademeldingar på private bustader og eigedommar og rundt 30 meldingar frå bedrifter og industri. Han kan førebels ikkje gi noko godt overslag over verdien på skadane.
– Sjølv om det er viktig å registrere og få overblikk, er det aller viktigaste i denne fasen å hjelpe dei som er ramma, understrekar han.
Vil ha svar frå Faremo
Clementz rosar den hjelpa som nødetatar, kommunar, naboar og frivillige har gitt til dei flaumramma.
If har sendt brev til beredskapsminister Grete Faremo for å få ei avklaring om oppbygging av hus som er ramma av flaumen, særleg dei som er ramma fleire gonger.
– Vi har fleire kundar som ikkje tør å flytte tilbake til same stad, og vi meiner det raskt må finnast ei løysing for dei, seier Elin Klakken, som er direktør for samfunnskontakt.
(NKP-NTB)