Hopp til innhold

Angreip politiet

Politimenn måtte forsvare seg med køller og peparspray da dei vart angrepe av fem innbrotstjuvar i Ringebu.

Det var i morgontimane måndag at politiet fekk melding om at det pågjekk eit innbrot i Ringebu sentrum.

Da dei kom fram til staden tok dei fem tjuvar på fersk gjerning, men fire av desse stakk av etter eit regelrett basketak med politiet.

Etterkvart fekk dei tak i ein til, så det er nå tre menn som fortsatt er på rømmen.

- Våre menn klarte etter kort tid å pågripe ein person, men dei fire andre prøvde å frigjere kameraten sin. Politiet måtte derfor bruke både peparspray og langkøller for å halde dei på avstand, fortel operasjonsleiar Geir Stavheim ved Gudbrandsdal politidistrikt.

Ein av politimennene vart slått i ansiktet og vart sparka, og fekk lettare skader etter basketaket.

Leitar med hundar

Dei fire stakk av til fots, og politiet har kontroll over bilane deira. Etter at ein av dei no er pågripen i etrerkant, leitar politipatruljer etter dei tre gjenverande, som dei trur har gøymt seg ein eller annan stad i nærleiken av Ringebu sentrum.

Politiet har også sett inn ein hund i leitinga etter gjerningsmennene.

- Bilane personane køyrde er registrert i Litauen, og mannen som er pågripen er aust-europeisk, stadfestar Stavheim.

- Kan desse personane vere farlege?

- Det er vanskeleg å seie, men vi ber uansett om at folk som kan ha sett noko ta kontakt med oss umiddelbart.

Innbrot også på Lillehammer

Innbrot Lillehammer

Innbrot på Lillehammer.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Samtidig har det også vore to innbrot i sentrum på Lillehammer. Medan politiet hadde alle sine patruljer på Ringebu braut innbrotstjuvar seg inn i to butikkar i Storgata.

Bilar vart brukt som rambukkar og køyrde rett inn i to urmarkerforretningar, og tjuvar har stole med seg verdiar frå desse.

- I samband med dette innbrotet har det vorte observert ein myrk, polskregistrert stasjonsvogn. Truleg er det snakk om ein Ford Mondeo, fortel operasjonsleiar Geir Stavheim.

Politiet veit foreløpig ikkje kor mykje dei har fått med seg eller om det er ein samanheng mellom desse episodene.

Flere saker fra Innlandet