Hopp til innhold

Vil ha fleire svenskar til NRK

I løpet av kort tid kjem ti nye svenskar for å jobbe i NRK Hedmark og Oppland sine radiosendinger. SEI DI MEINING!

Det svenske flagget
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Vi har hatt suksess med den svenske programleiaren vi har nå, og vil prøve å ta dette prosjektet vidare. Samtidig viser det seg også at svenske journalistar jamnt over er betre enn dei norske, seier distriktsredaktør Inger Johanne Solli.

Ho fortel at det i midten av april vil kome 8-10 svenske journalistar til dei forskjellige kontora, og at desse i hovudsak skal vere programleiarar og lese nyheiter.

Solli legg ikkje skjul på at det ligg økonomiske vurderingar bak dette forslaget.

- Slik situasjonen er i dag kan vi løne to svenske journalistar med det vi i dag gjev ein nordmann, seier Solli.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
- Jättebra

Madeleine Cederstrøm har det siste året jobba som programleiar i NRK Hedmark og Oppland sine sendinger. Hennar inntreden har skapt både begeistring og harme blant lyttarane.

- Vi er førebudd på at det kan kome reaksjonar dersom vi hentar enda fleire svenskar, men folk i Innlandet er stort sett svært opne og inkluderande, så det trur eg vil gå bra, seier Solli.

Cederstrøm sjølv trur det vil virke positivt dersom fleire svenskar kjem til hovudkontora på Elverum og Lillehammer.

- Eg trur vi har mykje å tilby, og håpar vi kan vere eit godt supplement til dei som allereie jobbar i radioen, seier ho.

- Vanskeleg å forstå

Men det er ikkje alle som er klare for enda fleire svenskar på NRK sine sendinger. Ein av dei som reagerer er Mathias Øvsteng frå Vågå. Han jobbar i Norsk Kulturarv, og har tidlegare markert seg som ein svore nynorsk-tilhengjar.

- Eg tykkjer det er svært rart dersom dei må ty til svenskar for å fylle sendeflatene sine. Vi må da ha nok folk i dalene våre til å arbeide som programmedarbeidarar, seier Øvsteng.

Han fortel at bygdefolket allereie har bestemt seg for å aksjonere mot dei nye planane.

- Dersom dette blir noko av vil vi oppfordre folk til å sende inn gratulasjonshelsingar og meldingar på så brei dialekt at dei svenske programleiarane ikkje vil klare å lese dei opp, seier ein kampklar Øvsteng.

Kva meiner du om svenskar på radioen? Sei di meining her.

Flere saker fra Innlandet