Hopp til innhold

Gaustad har tenkt på OL i fire år

- I dag tok jeg det første steget, sier Hamar-løperen.

John Anders Gaustad

John Anders Gaustad fekk heimlaga krans av fansen etter at han overbeviste på 15-kilometeren på Beitostølen.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Det har vore fire tunge år for hedmarkingen John Anders Gaustad. Etter at han vart vraka frå troppen til OL i Torino i 2006 har det vore få ljospunkt i karriera.

- Eg har egentleg ikkje gått eit godt skirenn på fire år, seier han sjølv.

Men i dag løsna det endeleg for 29-åringen under 15-kilometeren på Beitostølen. Etter eit godt gjennomført løp ende han til slutt som nummer sju, og var med det tredje beste nordmann.

Les også: Northug best av gutta

- Nå er eg overlykkeleg over å vere attende att i toppen, sa ein svært letta Gaustad etter løpet.

Ny start for skrott og nettside

Eit lite forvarsel om at odølen var på hugget fekk NRK Hedmark og Oppland allereie før helga. Da varsla han om at nettsida hans, som ikkje hadde vore oppdatert sidan 2007, nå var oppe og gjekk att. Gaustad si lite oppdaterte nettside vart nemleg kommentert på radioen nyleg, og det vart stilt spørsmål om han hadde lagt opp

- Nå har eg fått ein ny start på begge frontar. Eg må takke NRK for sparket i baken for å få i gang att nettsida. Likevel er eg aller mest glad for å få i gang att skrotten, dette var utruleg moro.

John Anders Gaustad si nettside finn du her!

Sjølv om den etterkvart noko mangelfulle nettsida har tyda på det motsette, så understrekar Gaustad at motivasjonen har vore der heile tida.

- Tolmod og arbeid over tid løner seg. Langrenn er ein sport for tolmodige folk.

Har tenkt på OL i fire år

OL i Vancouver komande vinter har lenge vore i tankane til Gaustad.

- Eg har faktisk tenkt på det heilt sidan eg ikkje kom med til OL i 2006, og det har hjelpt meg og motivert meg kvar dag. Målet er å kome til OL, og nå er det fyrste steget teke. Men det er ein lang veg å gå.

Dermed vart det ei svært god veke for Glåmdals-distriktet. Fyrst rykka Kongsvinger opp til eliteserien i fotball, før distriktets beste skiløpar altså viste overbevisande form på Beitostølen.

- Vi får satse på ein kollektiv opptur vidare, gliser ein svært glad John Anders Gaustad.

Alle resultata frå Beitostølen finn du her.

Flere saker fra Innlandet