Hopp til innhold

Lillehammer reddar hoppsporten

Bjørn Einar Romøren i svevet i verdenscuprennet i hopp i Lysgårdsbakken på Lillehammer
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Hoppsporten er i ferd med å bli avhengig av Lillehammer. Det seier arrangementssjef i Norges Skiforbund, Terje Lund.

For tredje gong på fem år skal Lillehammer i helga arrangere hopprenn som dei ikkje klarer å gjennomføre i Trondheim.

Heile verdseliten

Det finst ikkje eit snøfnugg i Europa, derfor er heile verdseliten i Lillehammer og trenar nå, seier Lund.

- Dersom du tar ein tur i byen kan du sjå hopparar og kombinertløperar frå alle nasjonar som er her og trenar, seier han.

Det blir arrangert to hopprenn og to kombinertrenn i Lillehammer i helga som kjem. Og det er altså tredje gongen dei siste åra at byen tar over verdscuprenn for Trondheim.

- Dette fortel at hoppbakken i Lillehammer har stabile og gode forhold, og at det nesten alltid er mogleg å gjennomføre renn, meiner Terje Lund.

Han skryter også av ein flott arrangørstab, som på kort varsel evnar å hive seg rundt og ta på seg eit verdscuprenn, med alt det medfører.

Flere saker fra Innlandet