Hopp til innhold

Stjerneskot frå Hamar

Skodespelaren Anders Baasmo Christiansen frå Hamar blir Norges Shooting Star på filmfestivalen i Berlin 2010.

Anders Baasmo Christiansen på Berlinale i Berlin
Foto: Eckehard Schulz / AP

- Eg er stolt og glad over å vera plukka ut, seier Baasmo Christiansen til NTB.

Einaste nordiske

European Film Promotion offentleggjorde onsdag at Baasmo Christiansen er ein av ti unge og lovande europeiske skodespelarar som blir presentert internasjonalt under Berlinalen.

(Saken fortsetter under bildet)

Anders Baasmo Christiansen.

– Dette er kjempehyggeleg, og ei veldig fin anerkjenning. Å vera Shooting Star kan også opne for sjansar til å bli med på filmprosjekt utanfor Norge, seier skodespelaren.

Konkurransen om å bli valt ut har vorte stadig hardare, meiner Anders Baasmo Christiansen. Dei siste åra har talet på Shooting Stars vorte redusert til i alt ti deltakarar.

I år er Baasmo Christiansen den einaste nordiske skodespelaren som er plukka ut.

I godt selskap

Tidlegare har Norge vore representert med Nicolai Cleve Broch, Ane Dahl Torp, Trond Espen Seim, Aksel Hennie, Maria Bonnevie, Kristoffer Joner, Gørild Mauseth og Anneke von der Lippe.

– Denne begava unge norske skodespelaren har eit fysisk nærver som er kraftfullt, samtidig som han meistrar følelser. Det er svært spennande å sjå han gå frå flott actionhelt i ein film til ei kjenslevar tolking av den berømte forfattaren Henrik Ibsen i ein annan, skriv juryen i si grunngjeving for å velja Baasmo Christiansen.

Baasmo Christiansen har spelt i ei rekkje filmar og tv-serier sidan gjennombrotet med «Buddy» i 2003. Tidlegare i år var han representert på filmfestivalen i Berlin, som hovurolleinnehavar i filmen "Nord».

Festivalen 2010 blir arrangert 11. - 21. februar.

Flere saker fra Innlandet