Hopp til innhold

To bankinnbrot i Hedmark

Politiet har nå starta vitneavhør etter at tjuver brøyt seg inn i to bankar i Kongsvinger og Skotterud i dag tidleg.

Innbrudd Kongsvinger

Tjuvane knuste ei rute og og braut opp ein vekslingsautomat ved Sparebank 1 i Kongsvinger.

Foto: Martin Høgberget

Eit innbrotsraid i Sør-Hedmark ende med at tjuvane sette fyr på bilen sin.

Politiet i Hedmark har i natt fått melding om innbrot i to bankar. Fyrst gjekk alarmen ved Sparebank 1 i Kongsvinger klokka halv fire. Ein time seinare skjedde det same på Skotterud.

– I Kongsvinger har dei knust ei rute og opna ein vekslingsautomat. På Skotterud har dei også brote seg inn, men der veit vi ikkje om dei har fått med seg noko, seier operasjonsleiar Arild Olsen ved Hedmark politidistrikt.

– Truleg dei same personane
Innbrot Skotterud

Politiet trur at det er dei same personane som har brote seg inn både i Kongsvinger og her på Skotterud.

Foto: Martin Høgberget

Han fortel at det ved innbrotet i Kongsvinger vart observert tre personar. To av desse var inne i banken.

– Vi trur det er store sjanser for at det er dei same personane som har vore inne begge stadene.

Kor mykje tjuvane har fått med seg etter innbrotsraidet veit politiet foreløpig ikkje.

Bil i brann

Like etter klokka 5 i dag tidleg fekk politiet melding om ei ny hending som blir sett i samanheng med innbrotsraidet.

– Ein mann frå Magnor hadde vakna av eit smell. Da han såg ut glaset såg han at ein bil stod i brann like ved eigendommen hans, seier Arild Olsen.

Dette viste seg å vere ein Volkswagen Golf, og politiet er nå sikre på at dette var den same bilen som vart brukt under innbrotet i Kongsvinger. Truleg vart den sett fyr på for å skjule spor.

– Vi jobbar nå på begge innbrotsstadene samtidig som vi har varsla politiet på andre sida av grensa. Men ingen er foreløpig mistenkt for å stå bak innbrota, seier operasjonsleiar Arild Olsen i Hedmark politidistrikt.

Utbrent bil

Tjuvane tente på bilen etter at dei hadde vore på innbrotsraid i sør-Hedmark.

Foto: Martin Høgberget

Flere saker fra Innlandet