Hopp til innhold

Full forvirring om regnskogtømmer

Finerplatene som er brukt i Valdres Folkemuseum sitt nye velkomstbygg er ikkje Meranti-plater men lovleg importert treverk frå Kina. Det seier museet i ei pressemelding.

Valdres folkemuseum

Desse platene er ikkje Merantiplater men såkalla 'Mixed Hardwood'. Men det er fortsatt ikkje klart om dei inneheld materiale frå regnskogen.

Foto: NRK

Det skapte mykje oppstyr da det vart påstått at Valdres Folkemuseum sitt nye velkomstbygg til 32 millionar kroner var bygd med Meranti-plater som stammar frå regnskogen.

– Det er eit soleklart paradoks at eit folkemuseum, som skal vise fram og ta vare på lokal kultur, nyttar materiale som er med på å ødelegge livsgrunnlaget og ta kulturen frå folket som er i regnskogsområda, raste Nils Hermann Ranum i Regnskogfondet.

– Lovleg importert

Etter at folkemuseet har undersøkt saka saman med leverandøren er konklusjonen følgjande:

Platene brukt på Valdres Folkemuseum AS er produsert i Kina og er lovleg importert, seier dagleg leiar Leif Bohman i Oslo finerfabrikk i ei pressemelding.

Der kjem det fram at platene som vart brukt ikkje er Meranti men av typa Mixed Hardwood som blir produsert i Kina. Han understrekar at det er vanskeleg å vite kva slags råvarer som er brukt eller kvar dei kjem frå. Materialet kan stamme både frå Europa, USA, Sør-Amerika, Indonesia og Malaysia.

– Det vil oppfattast som ukorrekt bombastisk å utelukke at råvaren kan vere regnskog. Det har vi aldri gjort, og så vidt eg skjønar har ikkje Valdres Folkemuseum gjort dette heller, seier Bohman.

– Ikkje forsvarleg

Regnskogfondet meiner at dette viser at platene på Valdres Folkemuseum fortsatt kan vere umoralske.

– Hardwood er eit begrep som blir brukt om ulike tresortar som stort sett blir hogd i regnskogen. Det kan vere Meranti eller andre regnskogsortar. Men problemstillinga er den same som om det skulle vere reine Merantiplater, seier Nils Hermann Ranum.

Han seier at dei i utgangspunktet er mot all bruk av regnskogtømmer, sjølv om det kan vere forsvarleg hogd. Problemet er berre at det ikkje finst garantiar som fortel dette.

– Det virkar ikkje som om styret i Valdresmuseet har forstått kor alvorleg denne saka er.

Ser fram til opning

Styreleiar Øivind Langseth ved Valdres folkemuseum vil nå leggje denne saka bak seg. Han seier at det uansett ikkje er aktuelt å rive den aktuelle veggen.

– Eg ser nå fram til at bygget blir opna, at vi får besøk av Kongen og Dronningen den 7. juni og at folk i Valdres og tilsette ved Valdresmusea skal kunne ha glede og nytte av bygget.

Flere saker fra Innlandet