Hopp til innhold

Mus åt opp plantefelt

Små gnagere har ødelagt eit heilt plantefelt på Brøttum i Hedmark.

Musevisa

Ein liten gnager kan lage mykje skade ute i skogen. På Brøttum har mus ødelagt eit heilt plantefelt.

Foto: Ulf Myrvold / NRK

Det er eit 35 dekar stort plantefelt som har vore utsett for museterror i løpet av vinteren, skriv avisa GD.

Mysene har gnagd av barken rett over bakken, noko som til slutt fører til at plantene tørkar inn og dør. Fleire stader har dei også ete av toppskotet, noko som fører til at plantene veks dårlegare.

– Nokre planter er gnagd heilt reine frå rot til topp, seier gardbrukar Eivind Mæhlum til avisa.

– Sjekk skogen din

Han får dekt store delar av tapet gjennom forsikringa, men legg ikkje skjul på at det tek mykje tid å ordne opp etter musehærverket. Han ber nå andre skogeigarar undersøke skogen sin.

– Eg veit ikkje om det er noko spesielt museår i år. Men eg har i allefall ikkje hatt liknande skader på skogen før, seier Eivind Mæhlum.