Hopp til innhold

Parkeringskaos under Birken

Voldsomt regnvêr har ført til at årets Birkebeinerritt har vorte eit gjørmebad. Fleire hundre parkeringsplassar kan ikkje brukast, og folk blir på det sterkaste oppmoda til å parkere i byen.

Gjørme-fast

Jordet som blir brukt som parkeringsplass under Birkebeinerrittet er forvandla til eit gjørmebad.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Det er minst 200 plassar vi ikkje får brukt, så det er litt kaos nå, seier dagleg leiar for Birkebeinerrittet, Tone Lien.

Dei hadde førebudd seg på å bruke eit stort jorde ovanfor Håkons Hall som parkeringsplass, men det regnvêr har nå skapt store problem.

Parkeringskaos Birkebeinerrittet

Parkeringsvaktene har sitt fulle hyre med å få folk inn og ut av området.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Bilar som har kome seg inn på området kjem seg ikkje ut att, og dei friviljuge parkeringsvaktene må regelrett dytte mange bilar ut av dei verste gjørmehôla.

– Parker i byen!

– Mi klare oppfordring er at folk parkerer i byen, og går opp til Håkons Hall, seier Lien.

Ho fortel at dei har prøvd å få sett opp skyttelbussar, men at dei ikkje har klart å få tak i nok sjåførar.

– Problemet er at dei fleste bussan og sjåførane i området allereie er oppteke med å transportere deltakarar.

LES OGSÅ

Samme gjørma som i fjor

Køyrer på grus

Arrangørane jobbar samtidig for fullt for å gjere parkeringsfasilitetane best mogleg. Dei har køyrt på mykje grus i forkant, og legg også på grus der det er mogleg i dag.

– Men vi kan ikkje grusleggje heile jordet, seier Tone Lien.

Parkeringskaos Birkebeinerrittet

Mange vil få problem når dei skal heim att etter att dei er ferdig med syklinga. - Parker i byen oppmodar arrangørane.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Flere saker fra Innlandet