Hopp til innhold

Store nedbørsmengder øydelegg for bøndene

Mange gardbrukarar strevar med å få gjort unna slåttonna på grunn av mykje regn. Det kan føre til lite mat til dyra og store utgifter for bonden.

Lynn Hege Røyne Myrvang

Lynn Hege Røyne Myrvang og sonen Andreas kan slå fast at jordet bak dei er for blautt til å kunne såast.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Det er mange av oss som sender håpefulle blikk opp mot himmelen i håp om å få eit lite smil frå sola i retur. Men det stadige regnvêret er særleg frustrerande for ei yrkesgruppe, nemleg gardbrukarane.

– Dersom det held fram å regne vil graset rotne på rot. Det blir for blautt, og vi får inga avling. Da blir det ingen mat til vinteren, seier sauebonde Lynn Hege Røyne Myrvang i Øystre Slidre.

– Mykje frustrasjon

ak ho er eit blautt, myrliknande jorde som dei ikkje får sådd på grunn av regn. Eit nabojorde er slått, men det er tydeleg prega av svart spor på grunn av den blaute jorda.

– Det er mykje frustrasjon om dagen. Det er stressande å gå og sjå på graset du skulle ha slått. Vanlegvis skulle dei fleste vore ferdige med fyrsteslåtten nå, men det er mange som ikkje har starta enda, seier Røyne Myrvang.

Det store spørsmålet for bøndene om dagen er om dei skal ha is i magen og vente på at regnet tek slutt, eller om dei skal setje i gang med slåtten, sjølv om graset eigentleg er for vått.

Regntungt jorde

Dette er et av jordene i bygda som er sporete etter mykje regn dei siste vekene.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Kan få kompensasjon

Det gråe sommarvêret kan også føre til betydelege økonomiske tap for mange gardbrukarar. Høgare kraftfôrutgifter og innkjøp av fôr er blant konsekvensane for mange.

Ei lita trøst i alt gråvêret er at det finst kompensasjonsordningar dersom gardbrukarar som tapar pengar på grunn av avlingssvikt.

– Ordninga skal redusere det økonomiske tapet på grunn av dei klimatiske tilhøva, seier landbruksdirektør i Oppland, Anders Prestegarden.

30.000 mål øydelagt

Alle bøndene i Oppland får nå tilsendt informasjon om eit eige miljøtilskot.
Så langt i år det er registrert 30.000 mål med avlingsskade på grunn av regnvêr og flaum i Oppland, og 3.000 mål i Hedmark. Desse tala vil truleg auke dei komande vekene.

Sauebonde Lynn Hege Røyne Myrvang har prata med mange andre kollegaer, og alle slit med dei same problema.

– Det er ein stor stressfaktor å gå og tenkje på at du kanskje ikkje har fôr til dyra dine til vinteren.

Video Dårlig fôr kan forårsake dyresykdommer

Flaumen har også ført til store problem for mange bønder. Sjå tv-sak frå 30. juni i år.

Flere saker fra Innlandet