Hopp til innhold

Sist fekk han 70 prosent av stemmene - nå vil opposisjonen vippe han av krona

Jens Stoltenberg held han som eit av sine politiske førebilete, og han var blant Ap-ordførarane som fekk flest stemmer ved sist val. Nå vil opposisjonspartia ta attende makta frå Rune Øygard.

Line Aabakken, Rune Øygard og Ivar Valdvik

Line Aabakken (til venstre) og Ivar Valdvik (til høgre) ynskjer å vippe Rune Øygard av kommunetrona i Vågå.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det har vore ein temmeleg oversiktleg politisk situasjon i Vågå i Gudbrandsdalen dei siste fire åra. Ved kommunevalet i 2007 fekk Arbeidarpartiet intet mindre enn 70 prosent av stemmene, og det var berre i arbeidar-bastionen Årdal at Arbeidarpartiet fekk større del av stemmene.

Men når partiet har 15 av 21 representantar i kommunestyret er det avgrensa kor inspirerande det er å vere opposisjonspolitikar. Dei har følt seg som statistar, nå vil dei vinne att makta.

Video Går til kamp mot Ap-dominansen i Vågå

Går til kamp mot Ap-dominansen i Vågå

– Ap har vorte arrogante

– Det har vorte eit einevelde, det går neste på demokratiet laus. Vi har fått attendemelding på at det er 3-4-5 personar som sit og avgjer alt saman med administrasjonen, da blir dei andre politikarane svake.

Det seier Line Aabakken, Framstegspartiet sin fyrstekandidat. Dei stiller liste i Vågå for fyrste gong. Målet hennar, og til leiar i Bygdalista Ivar Valdvik, er å få ein større og sterkare opposisjon, og aller helst fjerne "kong Rune" frå trona.

– Dei har hatt fleirtal i så lang tid at dei blir litt arrogante. Vi oppfordrar Arbeidarpartiet til å kome ned på bakken att til oss andre, og sjå dei problema som vi har, seier Valdvik.

For sjølv om Rune Øygard er ein populær ordførar, er ikkje nødvendigvis alt tipp topp i Vågå. Kommunen har fått dårlege resultat på eldreomsorg og skule i nasjonale undersøkingar, og lånegjelda har stege kraftig i dei fire periodane Øygard har vore ordførar.

Bygdalista i Vågå

Bygdalista i Vågå har laga ei eiga avis, der dei peikar på kva som er gale i kommunen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Får ikkje like god oppslutning i år

Ordføraren sjølv innser også at det kan bli tøft å følgje opp det oppsiktsvekkjande valresultatet frå 2007, og tvilar sterkt på at han får 70 prosent av stemmene denne gongen.

– Det var eit eingongstilfelle. Og det er viktig å få med at når vi fekk 70 prosent den gongen så var det meir enn ei støtte til Arbeidarpartiet. Det var ei attendemelding til alle dei tilsette om at kommunen fungerte bra. Hadde vi hatt store konfliktar ville vi ikkje fått 70 prosent av stemmene.

Han har eit langt meir edrueleg mål ved dette valet.

Rune Øygard og Liv Signe Navarsete

Rune Øygard er kjend for å ha godt tak på sentralpolitikarane. Her er det Liv Signe Navarsete som får ein bamseklem.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg håpar at vi kan redde fleirtalet, men mistar vi det så vil vi jobbe som best vi kan ut frå det. Valet vi gjorde sist vil vi ikkje oppleve ein gong til, seier Rune Øygard.

Senterpartiet vil behalde ordføraren

Senterpartiet sin fyrstekandidat, Anders Gustav Bjørnsen, ser gjerne også at opposisjonen får langt større makt i den komande kommunestyreperioden. Men Rune Øygard trur han blir der han har vore dei siste 16 åra: I ordførarstolen.

– Rune Øygard si stilling er uangripeleg. Det er få som er så samlande, det er få som kan skaffe offentlege midlar utanfrå slik som han, og det er få som har så godt kontaktnett. Men han treng litt anna selskap i kommunestyret enn 15 samstemte partifeller. Han treng nokon som kan gje litt motbør og litt negative attendemeldingar, seier Anders Gustav Bjørnsen.

Så gjenstår det å sjå om ein av landet sine mest populære Arbeiderpartiordførar klarar å behalde makta nok ein periode.

Flere saker fra Innlandet