Gjennomgangen måler mellom anna resultata på nasjonale prøver, avgangskarakterar i 10. klasse, elevar per pc og kor mange lærarar utan godkjent utdanning som blir brukt i skulane.
Det er berre ei kommune som kjem ut med toppkarakteren 6; Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.
– Langsiktig politikk
– Dette skuldast ein langsiktig politikk, der Lesja har bestemt seg for at dei vil prioritere skulen. Samtidig har vi gode og stabile lærekrefter, og startar tenkinga allereie ved barnehagenivå, seier ein stolt ordførar Per Dag Hole.
Han meiner dei gode resultata skuldast ein stor innsats både frå politikarar, administrasjon, tilsette i skulen, elevar og foreldre. Han trur den gode skulen kan dra nye innbyggjarar til den fråflyttingsplåga kommunen.
– Eg trur allereie at vi har trekt til oss folk nettopp på grunn av den klare skulesatsinga.
Knuser "landets beste skule"
I undersøkinga knuser Lesja nabokommunen Vågå, som har gått ut med ei målsetjing og eit prosjekt der dei skal lage den beste skulen i landet. Der Lesja er nummer 1 av dei 430 kommunane i landet, er Vågå heller beskjedent plassert på plass nummer 337.
Per Dag Hole vil helst ikkje bli kjepphøg overfor sine naboar, men trur at det er viktigare med ei langsiktig satsing enn med meir kortvarige prosjekt.
– Viss det er noko vi kan formidle og lære bort til andre, så er alle velkomne til Lesja.