Hopp til innhold

Utfordrande etterforsking etter Gjøvik-drap

To av dei sikta etter drapet på Gjøvik i september sit framleis varetektsfengsla, medan dei to andre er på frifot.

Boligblokk på Kopperud i Gjøvik.

En mann i starten av 50-åra vart funnen død i blokka si på Gjøvik 20. september.

Foto: Arne Sørenes

Det var i slutten av september at ein mann i 50-åra vart funnen død i si eiga leilegheit på Kopperud i Gjøvik. Politiet slo raskt fast at mannen hadde vore utsett for noko kriminelt, og etter kvart vart fire personar sikta i saka.

Tre av desse vart varetektsfengsla i fire veker, medan fjerdemann gjekk fri. Nå er ytterlegare ein av dei sikta slept fri, slik at det er to som sit fengsla.

Utfordrande etterforsking

– Vi held framleis på å etterforske saka, og kan ikkje kome med noko dato på kva tid vi er ferdige, seier politiadvokat Anne Ulsrud ved Vestoppland politidistrikt.

Ho er svært forsiktig med å kommentere saka, og vil ikkje seie noko om kva dei sikta har fortalt i avhøyr. NRK veit at det har vore utfordrande for politiet å finne ut kva som eigentleg skjedde i blokka på Kopperud i forkant av drapet.

– På det stadiet vi er i etterforskinga så kan eg ikkje kommentere om nokon av dei har tilstått, seier Ulsrud.

Dei sikta i saka høyrer til eit rusmiljø.

Video Tre personer siktet for drap

Politiet med utfordrande etterforsking.