Hopp til innhold

Deler sex-bilete av eksen på nett

Fleire utanlandske nettstadar oppmodar nordmenn til å legge ut nakenbilete av eks-kjærastar. Bilete du lovde å aldri publisere.

Hans Marius Tessem

SLETT MEG: Hans Marius Tessem i Norsis meiner det har blitt ein trend å publisere private sex- og nakenbilete av eksar. Han blir stadig kontakta av unge og fortvilte jenter som vil ha bileta fjerna.

Foto: Ida Hjerkinn / Norsis

– Det har blitt ein trend å publisere bilete av folk som ikkje har gitt samtykke til det. Dette genererer kanskje meir spenning, og vi ser meir og meir av det, seier seniorrådgjevar i Norsis Hans Marius Tessem.

Norsis på Gjøvik driv tenesta slettmeg.no som hjelper dei som føler seg krenka på nett.

Dei blir kontakta av mange unge, fortvilte jenter som vil ha fjerna bilete frå slike nettstadar - noko som ofte er svært komplisert.

– Rettslause

Nyleg vart slettmeg.no kontakta av ei ung jente som ville ha bilete fjerna frå ein utanlandsk nettstad. Det var ein omstendeleg prosess, der ho vart beden om å sende inn eit nytt bilete av seg sjølv, for å verifisere at ho var den ho var.

– Det er ei veldig guffen kjensle å måtte sende inn endå fleire bilete av seg sjølv, og ein kan jo ikkje vite om biletet blir sletta eller lagt til dei som allereie eksisterer, seier Tessem.

– Ho er heilt rettslaus i dette tilfellet her, og er prisgitt moralen til dei som har lagt ut bileta og dei som forvaltar sida.

Jenta hadde ikkje noko anna val enn å gjere som dei ba om.

– Vitnar om lite respekt

Tessem har eksempel på utanlandske nettstadar som rettar seg mot norske brukarar og oppmodar om å legge ut bilete av eks-kjærestar der - bilete du lovde å aldri publisere, som det står.

Her finst bilete av norske jenter, mange av dei ser ut som dei er i tenåra, som poserer nakne og i seksuelle situasjonar.

– Det ser ut som om det meste er lagt ut utan samtykke, så eg trur det er mange som ikkje veit at desse bileta ligg på nett, seier Tessem.

– Det er så stygt å gjere noko slikt mot ein annan person, og det vitnar om lite respekt.

– Kopla mot Facebook

Slettmeg.no har også nyleg kome over ei samling lagt ut på eit fildelingsnettverk, med tusenvis av seksuelle bilete kopla opp mot Facebook-profilane til jentene som er avbilda, med alt av private opplysningar som ligg der.

Det er også norske jenter blant desse, ifølgje Tessem.

– Dei som står bak sida har nok brukt Google og dei verktøya som ligg tilgjengelege på nett og kopla bileta mot Facebook i ettertid.

Ulovleg

I samsvar med norsk lov er det ulovleg å legge ut bilete utan samtykke frå den som er avbilda. Men å kome i kontakt med dei som driv utanlandsbaserte nettstadar er ofte vanskeleg.

– Dei som er ramma er i ein håplaus situasjon - dei føler seg ofte krenka og rettslause, seier Tessem.

Slettmeg.no oppfordrar i første rekke nettstadane om å fjerne innhaldet ved å forklare situasjonen:

– Men vi er også prisgitt dei som forvaltar bileta, altså nettsida, og der møter vi veldig mykje forskjellig.

Flere saker fra Innlandet