Hopp til innhold

Bondelaget vrakar hotell med "feil" mjølk

Bondelaget i Oppland vil ikkje lenger ha årsmøta sine på Quality Hotel Hafjell. Årsaka er at hotellet nyttar produkt frå Q-meieria.

Hafjell - Norges bondelag

Bondelaget i Oppland vil ikkje lenger har årsmøta sine på hotellet i Øyer. Dei vil nå reise til Skeikampen i staden.

Foto: hafjell.no / Norges Bondelag

Oppland Bondelag har i mange år hatt sine årsmøte ved hotellet i Øyer, men nå er det slutt. Årsaka er at Quality-kjeda, som tidlegare har nytta Tine-mjølk, har skifta over til Q-meieria.

– Da det vart kjent fekk vi ein god del reaksjonar frå våre medlemmar om at vi burde sjå oss om etter eit anna hotell. Det har vi gjort, seier leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø.

Han understrekar at dette ikkje er nokon protest mot hotellet i Øyer, som dei er godt tilfredse med, men ein reaksjon mot den inngåtte kjedeavtala.

– Skal jobbe for samvirket

Ellingsbø seier at bondelaget har som formålsparagraf at dei skal jobbe for størst mogleg tilslutning til landbrukssamvirket. Derfor tykkjer han det er naturleg at dei vel eit hotell der Tine leverer mjølka.

Dette er ikkje noko forsøk på å unngå Q-meieria. Bondelaget er til både for dei som leverer til samvirket og dei som leverer til private aktørar. Men den avtala kjeda har inngått betyr at Tine ikkje får levere mjølk til denne kjeda, og det tykkjer vi ikkje osar av konkurranse.

– Trist

Q-melk

Bent Myrdahl tykkjer det er synd og trist at bondelaget skiftar hotell på grunn av Q-mjølk.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Administrerande direktør i Q-meieria, Bent Myrdahl, tykkjer det er trist at bondelaget vel å boikotte eit hotell som nyttar mjølka deira.

– Mjølka vår kjem også frå gode norske kyr og frå bondelaget sine medlemmar. Dersom dette er ein boikottaksjon så tykkjer eg det er trist.

Myrdahl meiner det er positivt for bøndene at det er konkurranse om å foredle norsk mjølk.

– Vi kan ikkje gjere noko med dette, bondelaget vel fritt kvar dei bestiller sin møteplass. Men vi håpar deira medlemmar ser at det er positivt at det er fleire som vil satse på bruk av norsk mjølk, og at det er bra med konkurranse. Dei må sjå positivt på moglegheitene, ikkje berre sjå på oss som ein trussel.

Har skifta kjøtleverandør til Gilde

Administrerande direktør i Choice, Torgeir Silseth, har sjølv tidlegare vore direktør ved hotellet i botnen av Hafjell, og forstår ikkje at bondelaget nå vil forlate dei.

– Det er trist, leit og litt rart. Bondelaget organiserer bønder som produserer både til Tine og Q-meieria, da skjønar eg ikkje at dei nyttar dette som aksjonsform.

Dersom ein skal flytte møta sine etter kva firma som leverer mjølka kan det bli travelt og uoversiktleg. Eg vil oppfordre bondelaget til å halde fram med å ha møta sine i Hafjell.

Torgeir Silseth, administrerande direktør Choice

Han peikar også på at dei har skifta kjøtleverandør frå Spis til samvirkebedrifta Gilde, og slik sett burde gå ut i null.

– Vi som stor aktør og innkjøpar må sende ut vårt volum på anbod, og da er det dei som kan levere dei beste produkta til den beste prisen som vinn. Det er den framtidsretta og profesjonelle måten å gjere det på.