Hopp til innhold

Blanda kritikkar for bokhandlaren

Boka "Det var en gang en bokhandler i Kabul" vart lansert onsdag. Den er eit svar på boka til Åsne Seierstad frå Lillehammer.  

bokhandler shah mohammad rais kabul
Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje / Scanpix

Boka, som er skriven av bokhandlar Shah Mohammad Rais, får blanda kritikkar av bokmeldarane.

Kathrine Krøger i Dagbladet meiner boka hamnar i ein umogleg sjanger, og at den er vanskeleg å forstå for vestlege sinn.

Åsne Seierstad vil ikkje kommentere boka til Rais, utover at ho seier det er fint at han skriv bok. 

 

bokhandleren fra kabul
Foto: Thomas Bjørnflaten, Bjørnflaten, Thomas

Krenkande

Seierstad skreiv boka "Bokhandleren i Kabul" etter eit opphald i Afghanistan, der ho ein periode budd hos Rais og familien. Både bokhandlaren og fleire av medlemmene i familien kjende seg krenkte av måten Lillehammerforfattaren framstilte dei på. Boka er eit oppgjer med Seierstad.

I dei bokmeldingane som har kome til nå, er reaksjonane blanda. Dagens Næringsliv skriv at bokhandlar Rais klarer ein uvanleg balansegang mellom pompøst forsøk på å rettferdiggjera seg sjølv og glimt i auga. Meldaren i GD meiner bokhandlaren kunne ha frårøva Åsne Seierstad all verdigheit og truverde, men at han knapt rispar henne.

Sympati

Boka til Rais er eventyrinspirert, og han skriv om to troll. Kathrine Krøger i Dagbladet synest det er mye rart i boka, og at det delvis er pinleg å lesa. Ho meiner bokhandlaren burde hatt betre konsulentar, fordi han har mange gode kort på handa.

- Eg får faktisk sterk sympati for Rais for den ubehjelpelege måten han forsvarar seg på, seier Krøger.

Ho meiner han er oppriktig forbløffa og krenka over at ein vestleg journalist han har invitert som gjest i heimen, kan få seg til å skildre privatlivet til familien.

Kulturforskjellar

Også kulturjournalist i NRK, Anne-Cathrine Straume, synest det er ei merkeleg bok. Men den viser i alle fall at ingen har rett på å eige sanninga, her blir det ord mot ord.

- Bøkene og debatten viser kor store kulturforskjellane eigentleg er, og kor vanskeleg det er for ein vestleg journalist å trå riktig, seier Straume.

Ho meiner Seierstad burde gjort ein annan og tydelegare avtale med bokhandlaren, og at boka til rais set boka til seierstad i eit nytt lys.

Ikkje visum

Bokhandlar Rais sjølv var ikkje tilstades på pressekonferansen da boka vart lansert. Han er nekta visum til landet, og det er nå klart at UDI held oppe avslaget på visumsøknaden frå Shah Mohammed Rais.

  

 

 

 

 

Flere saker fra Innlandet