Hopp til innhold

Denne målaren skulle gje svar på kva Hans Bjarne vart utsett for

Forsvaret brukte 69 millionar på å kjøpa inn strålemålarar til soldatane sine. Resultata vart aldri lagra.

Strålemålar av typen Hans Bjarne brukte i Kosovo

STRÅLEMÅLAR: Ein slik strålemålar bar Hans Bjarne då han tenestegjorde i Kosovo. I dag veit ikkje Forsvaret kva strålenivå som vart registrert på målaren.

Foto: NRK/Privat

Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

FEKK IKKJE SVAR: Hans Bjarne fekk ikkje svar då han kontakta Forsvaret.

Hjernesvulsten til Hans Bjarne

– STOR SOM EIN TENNISBALL: Hans Bjarne fekk påvist hjernesvulst i 2011. Han mistenker at årsaka kan vera radioaktiv stråling frå tida i Kosovo.

Foto: Privat

Då Hans Bjarne (31) og andre KFOR-soldatar reiste til Kosovo i 2001 vart dei utstyrt med såkalla dosimeter, strålemålarar som skulle registrera strålemengdene soldatane vart utsett for under opphaldet.

– Eg tenkte at dette var ein del av det som skulle ta seg av tryggleiken vår, som alt det andre personlege utstyret me hadde med oss, seier Hans Bjarne. Særleg meir tenkte han ikkje over dosimeteret han bar rundt halsen.

Seinare er det dokumentert at det radioaktive stoffet utarma uran vart brukt i panserbrytande prosjektilar under krigføringa i det tidlegare Jugoslavia.

Gav radioaktiv stråling i Kosovo Hans Bjarne hjernesvulst?

– Lagra ikkje informasjonen

Etter at Hans Bjarne ti år seinare fekk påvist hjernesvulst var informasjonen langt meir interessant. Han bad Forsvaret om å få svar på kva strålenivå han vart utsett for under opphaldet i Kosovo.

Svaret frå Forsvaret måtte han venta lenge på. Men etter at NRK tok kontakt med Forsvaret i samband med denne saka kom svaret.

– Eg fekk ikkje strålingsdata fordi dei ikkje hadde lagra informasjonen, seier Hans Bjarne i dag.

At det tok så lang tid å få det svaret frå Forsvaret skuffar den tidlegare soldaten.

– Det er for dårleg mot oss som har tenestegjort når ein ikkje ein gong får tilbakemelding når ein tar kontakt.Det er jo rart å ikkje få tilbakemelding. Du lurar jo rett og slett på om dei ikkje vil svara eller om dei ikkje har noko svar, seier den no 31 år gamle yrkesdykkaren.

– Er fekk ikkje noko svar før NRK tok kontakt med forsvaret, seier han.

– Det er ein alvorleg svikt at Hans Bjarne ikkje fekk svar

Forsvaret beklagar

Forsvaret brukte 69 millionar kroner på strålemålarane til soldatane. Omlag 7000 KFOR-soldatar nytta dosimetera i Kosovo.

I eit brev til Hans Bjarne som vart sendt i starten av desember, mange månader etter operasjonen i april, kom svaret frå Forsvarets sanitet.

– Forsvarets sanitet vil beklaga den seine sakshandsaminga du har opplevd, og me vil gjennomgå rutinane våre for at dette skal skje igjen, skriv saniteten.

Forsvaret vedgår at bruken av strålemålarane ikkje var optimal.

– Bruken av personleg dosimeter på første halvdel av 2000-talet var ikkje implementert på ein god nok måte, skriv dei.

Dei har gått gjennom journalen til Hans Bjarne utan å finna data for dosimeteret han brukte medan han tenestegjorde for KFOR.

– KFOR-soldatane skulle i utgangspunktet ikkje ha med seg strålemålarar til Kosovo, fordi ein ikkje vurderte at det var noko trugsmål mot soldatane, seier oberstløytnant Per Inge Ohrstrand, til NRK.no.

Men i ettertid er Forsvaret kjend med at ein eller fleire av dei siste kontigentane likevel hadde det.

– Men dette vart ikkje registrert, så me kan ikkje slå fast i dag kva KFOR-soldatane vart utsett for eller ikkje, seier Ohrstrand.

Forsvaret understrekar at det frå 2009 er utvikla nye rutinar for bruken av strålemålarar, og at ein i etterkant av dette kan forventa betre rutinar.

Har ikkje registrert fleire svulstar

Forsvaret understrekar at dei ikkje har registrert andre tilfeller av svulstar frå dei som tenestegjorde i utlandet i første halvdel av 2000-talet, men kan heller ikkje utelukke at det finst tilfeller.

Hans Bjarne håpar det at han står fram kan hjelpa andre.

- Fordi eg vil at kollegaar som har vore ute, gjerne i fleire kontigentar enn meg, skal vera merksame på alle små symptom og tar dette alvorleg.