Hopp til innhold

– Undersøkinga som kunne fortald kva utarma uran kan ha gjort med soldatane vart aldri utført

Forskarar meiner ein veit for lite om eksponering av utarma uran i krigsområde.

Forskarar meiner ein veit for lite om utarma uran

VEIT LITE OM UTARMA URAN: Hans Bjarne (t.v.) sende uromeldingar til Forsvaret om mogleg stråling i Kosovo. Pensjonert professor Vidar Lehmann (h. øvst) meiner mange uttalar seg for bastant om korleis uran påverkar helsa. Professor Randall R. Parrish meiner ein manglar kunnskap om eksponering for utarma uran.

Foto: Privat / Trude Bakke - NRK / NERC Isotope Geosciences Laboratory

Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

FEKK ALDRI SVAR: Hans Bjarne fekk ikkje svar på uromeldinga si før NRK kontakta Forsvaret om saka.

Mange trekkjer konklusjonane om utarma uran før siste ord er sagt, meiner den pensjonerte professoren Vidar Lehmann.

Denne veka har NRK fortald om den tidlegare soldaten Hans Bjarne frå Askøy. Den tidlegare yrkessoldaten fekk aldri svar frå Forsvaret då han sende ei uromelding etter at han fekk påvist ein hjernesvulst i 2011.

Eit av spørsmåla den tidlegare KFOR- og ISAF-soldaten har stilt seg er om svulsten kan skuldast at han vart utsett for utarma uran, eller andre typar stråling frå tida då han tenestegjorde i Kosovo og Afghanistan på starten av 2000-talet.

Forsvaret lagra ikkje stråledata som vart registrert på strålemålaren soldaten bar under tenesta i Kosovo .

Måla som amerikanarane angreip med utama uran vart gjennomgått, men me fann aldri høge stråleverdiar ved desse måla.

Per Inge Ohrstrand, oberstløytnant Forsvaret

– Mykje ein ikkje veit

Professor Randall R. Parrish

HAR FORSKA: Professor Randall R. Parrish meiner ein manglar kunnskap om eksponering for utarma uran.

Foto: NERC Isotope Geosciences Laboratory
Per Inge Ohrstrand

TVILAR PÅ EKSPONERING: Oberstløytnant Per Inge Ohrstrand meiner det er lite truleg at norske soldatar vart utsett for utarma uran i Kosovo.

Foto: NRK

Professor ved universitetet i Leicester Randall R. Parrish har vore med på fleire større forskingsarbeid om bruken av utarma uran i panserbrytande ammunisjon, og om bruken har fort til helseskadar for soldatane.

Ei studie der dei testa 500 frivillige, der fleire meinte dei hadde vorte eksponert for utarma uran, viste ingen spor av utarma uran i kroppane deira.

Men Randall meiner likevel at forskingsarbeida som kunne gitt dei verkelege svara aldri er utførde.

– Problemet er at det aldri er gjort ei studie av kor lenge utarma uran vert verande i kroppen etter at ein har pusta det inn. Me veit heller ikkje kor utbreidd støv og gass av utarma uran verkeleg er i eit krigsområde, seier den britiske professoren

Finkorna partiklar

Utarma uran er effektivt som panserbrytande ammunisjon grunna den høge eigenvekta. Samanlikna med uran er utarma uran relativt lite radioaktivt. Sjølv om ein til no ikkje har funne tydelege svar på negative helseeffektar hjå soldatar meiner Parrish likevel at ein må ta utarma uran på alvor.

Når utarma uran treff ei anna flate vert det utvikla kraftig varme og ein del av det utarma uranet vil brenna og det vert danna små partiklar som ein kan pusta inn.

– Mi meining er at utarma uran er farleg, men det er berre ein fare når det er ei viss eksponering, seier Parrish.

– Norske soldatar vart neppe eksponert

– I samband med oppdraga i Kosovo er det lite truleg at soldatane vart utsett for ioniserande stråling, fordi Forsvaret på førehand kartla dette i Kosovo, seier oberstløytnant Per Inge Ohrstad i Forsvaret.

Ohrstad seier Forsvaret kartla områda dei norske soldatane skulle til på førehand. Han understrekar at det ikkje var særskild frykt for stråling som gjorde at soldatane i KFOR-styrkane etter kvart vart utstyrde med strålemålarar.

– Dei måla som amerikanarane angreip med utama uran vart gjennomgått, men me fann aldri høge stråleverdiar ved desse måla, seier Ohrstad.

– Mange uttalar seg for bastant

Vidar Lehmann

– VEIT FOR LITE: Vidar Lehmann meiner ingen bør uttala seg skråsikkert om helsekonsekvensane av utarma uran.

Foto: Trude Bakke / NRK

Vidar Lehmann, som er pensjonert professor ved Haukeland universitetssjukehus, har delteke i statistiske studiar der ein har sett på eventuelle helseplager hjå norske soldatar som deltok i den første Gulfkrigen.

Han uttalar seg ikkje med bakgrunn i desse konkrete kommentarane frå forsvaret, men meiner ein veit for lite til å trekkja bastante slutningar om korleis utarma uran påverkar helsa til soldatar.

– Etter mi meining manglar ein forsking både på store massive langtidsstudiar av folk som har vore eksponert i felten. Ein manglar og grundige eksperimentelle undersøkingar, av naturvitskapleg art, seier Lehmann som også har bakgrunn som lege i FN sine fredsbevarande styrkar.

– Siste ord er ikkje sagt

Han meiner mangelen på klare svar i forskinga gjer at enkelte ufarleggjer utarma uran.

– Det er ein fare for at offentlege styresmakter trekkjer konklusjonane før siste ord er sagt. Og siste ord er ikkje sagt når det gjeld utarma uran, seier den pensjonerte professoren.

Det at utarma uran er mindre radioaktivt enn til dømes uran treng ikkje å bety at utarma uran ikkje kan vera helseskadeleg for eksponerte soldatar.

– Det som er hevda i seinare år er at utarma uran som er inne i kroppen kan oppføra seg annleis enn radioaktivitet som er utanfor kroppen. Utarma uran består mellom anna av uran-238 som skil ut alfastrålar, som er korte i avstand. Og korleis desse ter seg når dei er inne i kroppen eller inne i ei celle er ikkje skikkeleg avklara, seier Lehmann.